Bruqin (arabisk إبروقين) er ein palestinsk by som ligg 13 kilometer vest for Salfit i Salfit guvernement nord på Vestbreidda og like ved den israelske busetjinga Brukhin. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 236 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112. Bruqin låg tidlegare langs ei kamelhandelsrute. Det finst spor etter romarane i byen, med tre dammar og ei grav frå denne tida.Bruqin Village Profile International Women's Peace Service.

Arkeologi Bruqin er ein eldgammal stad. Den franske oppdagaren Victor Guérin fann fleire store tilpassa steinar i murane til moderne hus, og ei gammal grav nær landsyen med to gravliknande kammer.Guérin 1875, s. 148, 153, som sitert i Conder og Kitchener, 1881, vol. 2, s. 306

Historie Staden var oppført i osmanske skattelister i 1596 som Bruqin i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde då eit folketal på 16 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.

I 1870 estimerte Guérin at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.Guérin 1875, s. 153 I «Survey of Western Palestina» i 1882 vart landsbyen (kalla Berukin) skildra som ein «mellomstor landsby på enden av ein utstikkar, og ein bratt skrent ned til dalen nedanfor. Det var kjelder like nedanfor husa. I sør ligg grotter, og i nord oliven.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 283

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bruqin eit folketal på 367, alle muslimar.Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 26 medan Burqin i folketeljinga i 1931 hadde 90 busette hus og eit folketal på 534, igjen alle muslimar.Mills, 1932, s. 60 I 1945 var folketalet 690, alle arabarar, medan det samla landarealet var 12 628 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59 Av dette var 3 175 for plantasjar og irrigert land, 2 301 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105 medan 28 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bruqin» frå , den 20. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Landsbyprofil

Kategori:Salfit guvernement Kategori:Landsbyar på Vestbreidda