Jalazone (arabisk مخيّم الجلزون) er ein palestinsk flyktningleir i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 km nord for Ramallah og like ved landsbyen Jifna i nord, Deir Dibwan i aust, Bir Zeit i vest og den israelske busetjinga Beit El i søraust. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Jalazone eit folketal på kring 8 700 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
Historie Jalazone vart grunnlagd i 1949 på 253 mål land, som følgje av palestinsk utvandring etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Som alle offisielle flyktningleirar på Vestbreidda, leigde SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA) landet frå Jordan. Det meste av området var statseigd før kjøpet, medan resten høyrte til forskjellige landsbyar i nærleiken.Jalazone Refugee Camp Profile . Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA). oktober 2008. Etter Osloavtalen mellom Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) og Israel, vart styret av Jalazone overført til PNA medan Israel framleis hadde tryggleiksansvaret. UNRWA yter òg tenester i leiren.Jalazone Refugee Camp SNs hjelpeorganisasjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jalazone» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Jalazone og Jalazone-leiren, artiklar frå UNWRA
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Palestinske flyktningleirar på Vestbreidda Kategori:Ramallah og al-Bireh guvernement