Ein Siniya (arabisk عين سينيا, ‘Ayn Sîniyâ) er ein liten palestinsk landsby med kring 700 innbyggjarar i Ramallah og al-Bireh guvernement, 10 km nord for Ramallah, og 1,5 km nordaust for Jifna.Grant, 1921, s. 223. Han ligg på ein fjellkam som går nord-sør over Vestbreidda i ei høgd på 759 meter over havet.
Historie Det er funne fleire graver hogde ut i berget kring landsbyen.Conder og Kitchener, 1882, s. 302 Conder og Kitchener skreiv i 1882 at eit lite krossfararfort verka å ha lege der,Conder og Kitchener, 1882, s. 291 men dette vart avkrefta i seinare kjelder.Pringle, 1997, s. 20
Ein Siniya har vanlegvis blitt identifisert som krossfarar-landsby Aineseins, som var ein av 21 landsbyar som kong Godfrey ga som eit len til Den heilage grav-kyrkja.Conder og Kitchener, 1883, s. 11de Roziére, 1849, s. 30: Aessens, s.263: Aineseins, begge sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74Rey, 1883, s. 376 Men C. N. Johns skreiv i 1939, at han meinte Aineseins låg ved Tel Beit Shemesh.
Osmansk tid Då Palestina vart styrt av Det osmanske riket (1500- til tidleg 1900-talet), låg Ein Siniya i sjeikdømet Bani Zeid, i Jerusalem-distriktet. I 1556 var han den minste landsbyen i sjeikdømet, med under ti hushaldningar.Singer, 1994, s. 77 I osmanske skattelister frå 1596 var 'Ayn Slnya ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Landsbyen hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117
I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.Guérin, 1875, s. 38 I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestina Ain Sinia som ein liten landsby, men «utan tvil særs gammal.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein Siniya» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Suad Amiry, Nazmi Al-Jubeh, Andrea Bräuning, Jürgen Frick: Das „Museum of Memory” in Ain Sinya. Beispiel für die Denkmalpflege in Palästina. I: Denkmalpflege in Baden-Württemberg, 32 (2003), vol. 4, s. 345–353 (PDF )
Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ayn Siniya
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda