Kobar (arabisk كوبر) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 13 km nordvest for Ramallah. Kobar grensar til Burham i aust, Jibiya og Umm Safa i nord, Al Itihad i vest og Al-Zaytouneh og Bir Zeit i sør. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) var folketalet i Kobar i 2007 på 3 456.

Burqa ligg 70 meter over havet og har ein årsmiddelnedbør på 669,8 mm. Årsmiddeltemperaturen er 16 grader Celsius, medan den årsmiddelet for luftfukta er 61 %.

Sidan 1996 har Kobar vore styrt som ein landsbykommune.

Historie

Det er funne potteskar frå jernalderen, persisk og hellenistisk tid, bysantinsk tid, krossfararane/ajjubidane, mamelukkane og tidleg osmansk tid. Dei eldste potteskara vart funnen nord og sør for landsbyen, medan dei bysantinske funna vart gjort på vestsida.Finkelstein et al, 1997, s. 397-398

Osmansk tid Kobar vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, and i skattelista frå 1596, låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 31 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at han hadde 600 innbyggjarar, og noterte ein moské tileigna ein sjeik Ahmed.Guérin, 1869, s. 36

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kobar som ein «liten landsby på ein åstopp, med graver hogde ut i berget, og ein tank, omgjeve av oliven.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 290

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Kubar eit folketal på 447, tre kristne og resten muslimar.Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16 Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 546, alle muslimar, i 122 hus.Mills, 1932, s. 49.

I 1945 var folketalet 610, alle arabarar, medan det samla landarealet var 9 678 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65 Av dette var 3 512 for plantasjar og irrigert land, 1 434 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112 medan 33 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kobar» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Kaubar

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda