Tom Villiam Blohm () var ein norsk idrettsutøvar frå Oslo, mest kjend som fotballspelar. I tida frå 1937 til 1952 var han målvakt i 20 fotballandskampar for Noreg.

Karriere Fotball Blohm debuterte for Noreg 5. september 1937 i Helsinki, ein landskamp Noreg vann med 2-0 over vertslandet. 17 år gamle Blohm, som då var medlem av Sportsklubben Hugin, er til dags dato (2015) den yngste burvaktaren for Noregs A-landslag.

Etter å han spelt for Frigg i 1938, melde han seg inn i Ski- og fotballklubben Lyn i 1939 og spelte for klubben fram til 1954. Han var i 1945 og 1946 med då Lyn vann noregsmeisterskapane i fotball. I juli 1952 vakta han målburet for 20. og siste gong, då Noreg tapte 1-4 for Sverige i finske Tampere, 15 år etter han landslagsdebuterte i Helsinki.

Anna idrett Blohm spelte bandy i Oslo-Sparta, ishockey i B-14, handball i Oslo Håndballklubb og dreiv friidrett med Torshaug Idrettsforening.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tom Blohm» frå , den 24. september 2015.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Norske bandyspelarar Kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Noregsmeistrar i fotball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1952 Kategori:Frigg-spelarar Kategori:Lyn-spelarar