Øystein Grødum () er ein norsk skøyteløpar. Han representerer Arendal Skøiteklubb.
I 2004 vart han nr. 5 på 10 000 m i VM enkeltdistansar, og sesongen etter var han nærast uslåeleg i verdscupen på dei lengste distansane. Han var favoritt på 5000 m og særleg på 10 000 m før VM i Inzell i 2005, men vart sjuk og stilte ikkje til start. I 2005 tok han ein 8. plass samanlagt både i EM og VM.
Grødum vart noregsmeister på 10 000 m i 2001 og på 5000 m i 2005.
Bakgrunnsstoff Om Øystein Grødum på SkateResults.com
kategori:Norske skeiseløparar Grødum, Øystein Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006