mini|Berse Skaldtorfuson i lekkjer etter at han vart fanga av kong Olav Haraldsson. Berse Skaldtorfuson (norrønt: Bersi Skáldtorfuson) var ein islandsk skald som var aktiv i tida etter år 1000, til han døydde om lag 1031.
Liv og skaldskap Mor hans skal ha vore Skald-Torfa I Midtfjorden på Island. Han vart fødd omkring 985-990, og han var ein god ven med skalden Grettir (Ásmundarson). Alt omkring år 1000 var han nemnd som ein særs dugande, ung mann og ein god skald. Han hadde eit vinnande vesen og var godt likt av alle han møtte. Frå kongesogene er det kjent at han på denne tida reiste til Noreg og var først skald hos Eirik jarl. Etter at Eirik jarl reiste til England i 1015, vart Berse verande hos Svein Håkonsson Ladejarl og han var om bord på skipet hansSoga om Olav den Heilage kap. 50 under slaget ved Nesjar.
Berse var truleg med Svein jarl til Sverige etter slaget, men ei tid seinare, då Svein jarl var avliden, kom han attende til Noreg. Der vart han teken til fange og lagt i lekkjer av kong Olav Haraldsson. Kongen utmana han til å prove at han var ein god skald; han skal då ha gjort ei lausaviseSkaldic Project Lausavise av Berse Skaldtorfuson som kongen tykte godt om, og Berse vart sett fri. Seinare dikta han ein flokkSkaldic Project Flokk om Olav den Heilage, berre 3 vers er kjende (norrønt flokkr) om kong Olav.
Omkring år 1026 var Berse i lag med Sigvat Skald hos kong Knut i England, og i 1029 reiste han på pilgrimsferd til Roma saman med Sigvat. På heimvegen året etter, møtte dei nokre nordmenn som kunne fortelje at kong Olav Haraldsson var blitt drepen i Trøndelag. Dette skal ha gått hardt inn på Berse, og han vende om og reiste attende til Roma. Det er ein tradisjon at han skal ha døydd i Peterskyrkja og blitt gravlagt der.
Det er nemnt i SkáldatalSkáldatal Oversikt over dikt av Bersi Torfuson. at Berse skal ha dikta eit kvad om Svein Håkonsson Ladejarl og eit anna om kong Knut, men begge er gått tapt.
Referansar
Bakgrunnsstoff Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie av Finnur Jónsson – om Berse Skáldtorfuson.
Kategori:Islandske skaldar Kategori:Islendingar frå norrøn tid Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Døde i 1031 Kategori:Døde på 1030-talet Kategori:Folk i Skaldatal