Burqin er ein palestinsk by nord på Vestbreidda 5 km vest for Jenin. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) var folketalet 5 685 i 2007.2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 105. Dei fleste innbyggjarane i Burqin er muslimar, men det bur kring 20 kristne familiar i byen. Den historiske St. Georg-kyrkja er eit kjent landemerke i Burqin.
Historie Burqin er nemnd som Burqana på 1300-talet fvt. i Amarnabreva, som ein av fleire byar erobra av den kanaanittiske krigsherren Lab'ayu i Dothandalen og sørlege Jezreeldalen.Goren et al., 2004, s. 262.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Burqin» frå , den 25. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Burqin kommuneside Palestine remembered
Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Jenin guvernement Kategori:Stader i Amarnabreva