Tor Egil Johansen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtbanespelaren Johansen spelte for IK Skeid og Lillestrøm SK og for det norske landslaget.
Johansen spelte for osloklubben Skeid i tida 1969-76 og 1978-80. Han var ein sentral spelar då laget vart norsk meister i 1974, då det vart siger over favoritten Viking FK i cupfinalen på Ullevaal stadion. Sesongane 1976 og 1977 spelte han for Lillestrøm SK, i begge sesongane var han med på å føre klubben til seriegull, i 1977 vart han også norsk meister laget. Etter desse triumfane vende han tilbake til Skeid. Han la opp etter 1980-sesongen.
Johansen debuterte Noreg i 1971 og spelte 52 landskampar i tida fram til 1978. Han var ein drivande midtbanespelar som skåra sju landslagsmål.
Merittar Noregsmeister: 1974 med Skeid Seriemeister: 1976 og 1977 med Lillestrøm SK Noregsmeister: 1977 med Lillestrøm SK
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tor Egil Johansen» frå , den 29. september 2015.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar