Erik Johansen () var ein norsk fotballspelar frå Gjøvik, som i tida 1961-69 spelte 39 landskampar for Noreg. Han vart norsk meister med Gjøvik-Lyn i 1962.
Johansen spelte for Gjøvik-Lyn i tida 1960-66. Han var sentral då Gjøvik-laget i 1962 spelte seg fram til cupfinalen, og vann denne med 2-0 over Vard frå Haugesund. Frå 1967-sesongen melde han overgang til IK Skeid i Oslo og spelte fire sesongar for osloklubben.
Johansen spelte 39 landskampar for Noreg frå debuten i Moskva mot Sovjetunionen 1. juli 1961, via sigeren over Skottland i 1963, der han skåra eitt av dei fire norske måla, til 3-0-triumfen over Jugoslavia, og til dess han spelte sin siste landskamp i 1969-sesongen. Gjennom desse kampane fekk han nettkjenning ni gongar.
Merittar Norsk meister: 1962 med Gjøvik-Lyn
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erik Johansen» frå , den 1. oktober 2015.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Gjøvik-Lyn-spelarar Kategori:Skeid-spelarar