Al-Ubeidiya (arabisk لعبيديّه) er ein palestinsk by 6 km aust for Betlehem. Byen er ein del av Betlehem guvernement sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde al-Ubeidiya eit folketal på over 10 753 i 2007.2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.

Historie Al-Ubeidiya er kalla opp etter St. Theodosius («Ibn Ubeid» på arabisk), som bygde og vart gravlagd i eit kloster 1 km vest for byen, kjend som St. Theodosius-klosteret. Det vart opphavleg bygd på 400-talet, og Theodosius vart gravlagd der i 520. Det noverande bygget vart reist av krossfararar på 1100-talet. Mar Saba-klosteret, som vart bygd av St. Sabbas i 484, ligg lenger aust, men innafor kommunegrensa. Det ligg òg eit romersk basseng i sentrum av al-Ubeidiya som vart nytta av romarane i Palestina for å samle vatn.Al ‘Ubeidiya Town Profile. Applied Research Institute–Jerusalem. 2010.

Osmansk tid Området vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517. I 1596 stod Al-Ubeidiya oppført i osmanske skattelister, kalla Dayr Bani 'Ubayd, som ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 42 hushaldningar og 6 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 114.

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin staden, som han kalla Deir Dosi, og skildra ruinane av klosteret.Guérin, 1869 s. 88 -92 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Kh. Deir Ibn Obeid og «ruinar av ein moderne landsby».Conder og Kitchener, 1883, s. 111

Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Ibaidiyeh ein muslimsk folkesetnad på 2 000, 880 menn og 1 120 kvinner.Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18 I folketeljinga i 1931 hadde El Ubeidiya 1 187 innbyggjarar, framleis alle muslimar, 610 menn og 577 kvinner.Mills, 1932, s. 36

Etter 1948 Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Al-Ubeidiya under jordansk styre.

Sidan 1997 har al-Ubeidiya vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Ubeidiya» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar på Vestbreidda