Irbid eller Irbed () er eit guvernement i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret i Irbid er byen Irbid. Guvernementet er det nest største i folketal i Jordan etter Amman guvernement, og det tettast folkesette i landet.
Historie mini|venstre|Byen of Um Qais (Gadara). mini|venstre|Ei bysantinsk kyrkje i Um Qais. mini|venstre|Ein bysantinsk stad i Ar Ramtha.
Irbid har vore kontrollert av greske, romerske og islamske sivilisasjonar som har etterlate seg historiske og arkeologiske stader. Romerske og greske byar som Arabella (Irbid), Capitolias (Beit–Ras), Dion (Al Hisn), Gadara (Umm Qais), Pella (Tabeqt Fahel) og Abello (Qwailbeh) vart grunnlagde her. Dei var medlemmar av Dekapolis: eit forbund som bestod av ti romerske byar i området. Ghassanidane hadde oppretta landet sitt nord i Jordan, og dekte Irbid, Golan og Horan. Det vart skidlra som eit av dei vakraste, syriske landa. Kristendomen spreidde seg her på 100- og 200-talet evt.
Edom- og Ammon-sivilsasjonen heldt til i dette området. Området vart erobra av islamske arabarar i 634 evt.
Under mamelukkane spelte Irbid ei viktig rolle som stoppestad for pilegrimar frå Tyrkia, nord i Irak og sør i Russland. Det vart eit viktig transportknutepunkt og ein inngang til Egypt, Hijaz og Palestina, særleg i tida då Irbid var knytt til Damaskus.
Geografi Irbid guvernement ligg i heilt nordvest i Jordan i Yarmoukvassdraget og Jordandalen. Det meste av guvernementet er ein del av Hawran-sletta, som dekkjer nordlege Jordan, og sørvestlege Syria. Guvernementet grensar til Syria (Golanhøgdene) i nord, Jordanelva i west, Mafraq guvernement i aust og Jerash, Ajloun og Balqa guvernement i sør.
Demografi Folketeljinga i 2004 synte at Irbid guvernement hadde eit folketal på 928 292. Estimata for 2009 var like over éin million innbyggjarar.
Administrativ inndeling
Irbid guvernement er kalla opp etter hovudstaden og den største byen. Han er delt inn ni departement kalla alweya, som er fleirtalsforma av liwaa. Mange av desse departementa ligg tett inntil storbyområdet kring Irbid. NahiyaerArabisk namnFolketal (2004)Administrativt senter1Irbid nahiya (Al-Qasabeh)لواء القصبة 375 594Byen of Irbid2Bani Obaid nahiyaلواء بني عبيد 93 561Al Hisn3Al-Mazar Al-Shamali nahiyaلواء المزار الشمالي 44 166Al Mazar al Shamali4Ar Ramtha nahiyaلواء الرمثا 109 142Ar Ramtha5Bani Kinanah nahiyaلواء بني كنانة 76 398Sama al-Rousan6Koura nahiyaلواء الكورة 91 050Der Abi Saeed7Al-Aghwar Al Shamaliyyehلواء الأغوار الشمالية 85 203Nord-Shuneh (الشونة الشمالية)8Taybeh nahiyaلواء الطيبة 29 318Taybeh9Wasatieh nahiyaلواء الوسطية 24 046Kufr Asad
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Irbid Governorate» frå , den 4. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Guvernement i Jordan