Magnar Nikolai Isaksen () var ein norsk fotballspelar frå Kristiansund som var med på det såkalla Bronselaget under Sommar-OL 1936. Han «var en nyttig og uegoistisk innerløper som fant de riktige posisjoner og som kunne plassere sine skudd».Magnus Breili: Fotballboken. 1967

Isaksen var fødd i fattige kår i Kristansund. Faren var sjømann og tømrar, innflytta frå fiskeværet Titran, mora var frå Bremnes.Folketeljinga 1910 Før han busette seg i Oslo, spelte Isaken på Kristiansund Fotballklubb. I hovudstaden melde han seg inn i Lyn.

Sommaren 1936 debuterte Isaksen på det norske landslaget straks før Sommar-OL 1936. Under leikane i Berlin vart han den store helten då Noreg slo Tyskland 2-0 i kvartfinalen, ettersom han skåra begge måla. Han deltok i tre av dei fire OL-kampane, men ikkje i sjølve bronsekampen mot Polen. Også i fotball-VM i 1938 i Frankrike var han ein av Noregs utvalde spelarar. Til saman fekk Isaksen 14 landskampar i tida 1936-38, og skåra fem landslagsmål.

Isaksen vart norsk meister med Lyn i 1945, etter mellom andre å ha slått ut moderklubben Kristiansund i kvartfinalen. Etter cupfinalen la han opp.

Merittar OL-bronse: 1936 med Noreg Noregsmeister: 1945 med Lyn

Notar og kjelder

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1936 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1938 Kategori:Lyn-spelarar Kategori:Folk frå Kristiansund