Marta Domínguez Azpleta () er ein spansk friidrettsutøvar frå Palencia. Ho vart verdsmeister på 3000 meter hinder i 2009, og har vunne to EM-gull på 5000 meter og ein EM-tittel i terrengløp. I perioden 1998-2010 sikra ho seg tre VM-medaljar og fire EM-medaljar på bane på distansane 5000 m og 3000 m hinder. Sidan 2011 har Domínguez også vore medlem av det spanske overhuset for Partido Popular.
Idrett Domínguez tok steget opp i europatoppen på langdistansane under EM i friidrett 1998 i Budapest, der ho vann bronsemedaljen. Etter VM-sølv på same distansen i 2001, lukkast ho året etter å vinne ein jamn spurt om EM-tittelen. Irske Sonia O’Sullivan måtte sjå slått med eitt tidels sekund. I 2003 tok Domínguez eit nytt VM-sølv på 5000 m, hårfint framom kenyanske Edith Masai og russiske Jelena Sadorosjnaja. Tirunesh Dibaba frå Etiopia vann løpet, eit halvt sekund føre Domínguez.
I friidretts-EM i 2006 forsvarte Domínguez EM-gullet på 5000 m då ho spurtvann over Lilija Sjobukhova frå Russland. I same meisterskapen gjorde ho sitt snøggaste milløp nokon gong, men vart likevel berre nummer sju. Den etterfylgjande våren vart ho verdsmeister i terrengløp over 8 km.
Frå 2008-sesongen gjekk Domínguez over til å satse på 3000 m hinder. Det gav gevinst i 2009, då ho vann gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Berlin, eitt sekund føre Julija Sarudneva. Dei same to utøvarane kjempa også fremst då EM-gullet på hinder skulle få sin eigar i 2010, men då var Sarudneva sterkast i spurten.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Utslått i semifinalane på 1500 m OL 1996 i Atlanta: Utslått i forsøka på 1500 m EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje på 5000 m – 15.10,5, bakom Gabriela Szabo (15.08,3) VM 1999 i Sevilla: Nr 9 på 5000 m – 15.16,9 OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøket på 5000 m (15.45,0) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 5000 m – 15.06,5, bakom Olga Jegorova (15.03,3) EM 2002 i München: Gullmedalje på 5000 m – 15.14,7, framom Sonia O’Sullivan (15.14,8) VM i 2003 i Paris: Sølvmedalje på 5000 m – 14.52,2, framom Edith Masai (14.52,3) VM i 2005 i Helsinki: Nr 14 på 5000 m – 15.02,3 EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje på 5000 m – 14.56,1, framom Lilija Sjobukhova (14.56,5). Nr 7 på 10000 m – 30.51,6 VM i terrengløp 2007 i Toro: Gullmedalje på 8,2 km – 26.58, framom franske Julie Coulaud (27.01) OL 2008 i Beijing: Braut 3000 m hinder (=nr 15) VM 2009 i Berlin: Gullmedalje på 3000 m hinder – 9.07,3, framom Julija Sarudneva (9.08,3) EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje på 3000 m hinder – 9.17,7, bakom Julija Sarudneva (9.17,5)
mini|Marta Domínguez spring inn til EM-siger i terrengløp i 2007 Personlege rekordar 1500 m: 4.04,2 (2010, Barcelona) 3000 m: 8.28,8 (2000, Zürich) 5000 m: 14.48,3 (2003, Paris) 10000 m: 30.51,6 (2006, Göteborg) 3000 m hinder: 9.07,3 (2009, Berlin)
Tidene på 3000 m, 10000 m og 3000 m hinder er spanske rekordar i 2015.
Politikk I desember 2011 vart Domínguez vald til medlem av det spanske overhuset, der ho representerer det høgreorienterte partiet Partido Popular.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marta Domínguez» frå , den 16. oktober 2015. World Athletics
Kategori:Spanske langdistanseløparar Kategori:Spanske politikarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Spania Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012