«Hotel California» er tittelsporet på eit album med same namn av Eagles og kom ut på singel i februar 1977. Songen er ein av dei mest kjende songane innan albumorientert rock. Songen er skriven av Don Felder (musikk), Don Henley og Glenn Frey (tekst). På originalinnspelinga syng Henley solovokal og han endar med ein lang gitarsolo av Felder og Joe Walsh. Songen har fått mange tolkingar av fans og kritikarar, men Eagles har skidlra songen som «tolkinga deira av det gode livet i Los Angeles».Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time I ein dokumentar frå 2013 kalla History of the Eagles sa Henley at songen var om «ei reise frå uskuld til erfaring...det er alt».History of the Eagles, 2013

Historie og ry «Hotel California» toppa Billboard Hot 100-lista i USA i ei veke i mai 1977 og nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista. Billboard rangerte songen på 19. plassen for årslista i 1977."Pop Singles» Billboard 24. desember 1977: TIA-64 Tre månader etter songen kom ut hadde singelen seld til gullplate for ein million selde eksemplar i USA. Eagles vann òg årets singel for 1977 med songen i 1978.

I 2009 hadde songen seld til platina for ein million digitale nedlastingar.

Musikken til songen kom frå ein demo skriven og spelt inn av Don Felder. Han gav songen til Don Henley og Glenn Frey så dei kunne skrive tekst. Songen ligg høgt på mange lister og lesarundersøkingar. Magasinet Rolling Stone rangerte songen på 49. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han ligg òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Gitarsoloen i songen vart av lesarane til magasinet Guitarist kåra til den beste gitarsoloen gjennom tidene i 1998The Top 100 Solos of All Time og vart rangert på åttandeplassen på lista til Guitar Magazine over dei 100 beste gitarsoloane.The Top 100 Solos of All TimeHan vart òg kåra til den beste 12-strengsgitarsongen av Guitar World.

Songen er ein av dei mest populære og kjende songane til Eagles og har vore spelt fast på konsertane deira sidan han kom ut. Konsertversjonar finst på Eagles Live frå 1980 og i ein akustisk versjon i 1994 på Hell Freezes Over. Hell Freezes Over-versjonen vart framført med åtte gitarar og ein spanskklingande stil, med Don Felder sitt flamenco-inspirerte arrangement i introen.

Glenn Frey skildra opphavet til songen:

Tolking

Teksten er ei surrealistisk soge om ein trøytt reisande som sjekkar inn på eit luksushotell. Hotellet verkar først fristande, men syner seg å vere ein marerittstad der «you can check out anytime you like, but you can never leave» (du kan sjekke ut når som helst, men aldri dra). Songen er ein allegori om hedonisme, sjølvøydelegging og grådigheit i musikkindustrien seint i 1970-åra. Academic Search Complete. EBSCO. Web. 28. oktober 2011. Don Henley kalla det «vår tolking av overklasselivet i Los Angeles» og la seinare til: «Det er i hovudsak ein song om det mørke underlivet i den amerikanske draumen og om utsvevande liv i Amerika, som er noko me kjenner godt til.» I 2008 skildra Don Felder opphavet til teksten:

Omgrepet «colitas» i det første verset tyder «små endar» på spansk og var mexicansk slang for knoppane på cannabisplanter (marihuana).De Artega y Pereira, Fernando. Practical Spanish (1902): 243Ostler, Scott. «Rockin' 'Round the Round» San Francisco Chronicle 5. februar 2003Avant-Mier, Roberto. Rock the Nation: Latin/o Identities and the Latin Rock Diaspora (2010): 81-82

I eit intervju i 2009 med The Plain Dealer spurte John Soeder Don Henley dette om teksten:

Henley svarte:

I følgje Glenn Frey i omslaget til The Very Best Of var bruken av ordet «steely» i teksten «They stab it with their steely knives, but they just can't kill the beast,» eit ordspel på bandet Steely Dan, som hadde nytta teksten «Turn up the Eagles, the neighbors are listening» i songen sin «Everything You Did».Liner Notes - The Very Best of the Eagles

Harmonisk struktur

Introduksjonen og versa nytta ein akkordprogresjon som er åtte taktar lang. Kvar takt er gjeven ein enkel akkord. Sju forskjellige akkordar er nytta i dei åtta taktane. Når songen opnar er det først i den åttande takten at ein akkord vert repetert. Songen vart opphavleg spelt inn i h-moll.Tillekens, Ger. «Locked into the Hotel California: Or, expanding the Spanish progression". Soundscapes.info, 2006, Henta 2012-03-01.

Akkordane er som følgjer:

Bm-F#-A-E-G-D-Em-F#

eller

i-V-VII-IV-VI-III-iv-V

Den åtte taktar lange sekvensen vert reptert i introen, for kvart vers og i avslutninga, der det dannar den harmoniske rama for den lange gitarsoloen mot slutten av songen. Ei forklaring av progressjonene r at det ein vanleg flamenco-progresjon kalla «spansk progresjon» (i-VII-VI-V i ein frygisk kontekst) med etterfølgjande kvintar i mellom.

Denna akkordsekvensen er ikkje ein mykje brukt akkordprogressjon og Ian Anderson frå Jethro Tull har peikt på likskapen med hans eigen song «We Used to Know» frå albumet Stand Up frå 1969, og lurte på om Eagles hadde høyrt songen då dei turnerte i lag. Sjølv om Eagles hadde opna for Jethro Tull i juni 1972, kom ikkje Don Felder, som skreiv musikken, med i bandet før i 1974. Felder har sagt at han aldri hadde høyrt «We Used to Know».

Refrenget nyttar fem av dei sju akkordane i songane, strukturert med ein melodi som skiftar frå h-moll til D-dur:

G-D-F#-Bm-G-D-Em-F# eller D-dur:

IV-I-III-vi-IV-I-ii-III

Medverkande Don Henley - solo- & korvokal, trommer, perkusjon Glenn Frey - 12-strengs akustisk gitar, korvokal Don Felder - 12- og 6-strengs elektrisk gitar, korvokal Joe Walsh - elektrisk gitar, korvokal Randy Meisner - bass, korvokal

Andre versjonar

Mange andre artistar har spelt inn versjonar av «Hotel California»:

Al B. Sure! gav ut ein versjon på albumet Private Times...and the Whole 9! (1990). Alabama 3: på albumet La Peste (2000). Buranovskie Babushki på udmurt Micheal Castaldo på italiensk på albumet Bergamot. Igor Džambazov - «Hotel Macedonia» - ein versjon på makedonsk. Majek Fashek gav ut ein reggaeversjon. Gipsy Kings: Ein flamencoversjon med spansk tekst, gjeven ut i 1988 og nytta i filmen The Big Lebowski. Sam Hui i 1977. Lydia Lunch & Cypress Grove på albumet Twin Horses Marilyn Manson i ein konsertversjon for fjernsynsserien Californication. Moonraisers i 1998 med ein reggaeversjon og fleire remiksar. Frank Ocean gav ut ein versjon Nostalgia, Ultra (2011) kalla «American Wedding» Rascal Flatts spelte ein countryversjon av songen under Grammyprisutdelinga i 2007. Rhythms del Mundo i 2009 på albumet Classics, med The Killers. Max Romeo gav ut ein reggaeversjon på albumet Something is Wrong (1999). Roo'ra gav ut ein versjon på albumet Angel Without Wings (1995). Nancy Sinatra på albumet Nancy Sinatra - California Girl. SkaDaddyZ i ein reggae/skaversjon i 1999. Sylvain Cossette ein franskanadisk songar i 2008 på albumet 70's Volume 2. Tangerine Dream i 2010 på albumet Under Cover - Chapter One. The Cat Empire: ein fransk jazz (L'Hotel de Californie) med fransk tekst, spelt inn for Triple J i 2009. The Moog Cookbook gav ut ein versjon på albumet Ye Olde Space Bande (1997). Ukulele Orchestra of Great Britain spelar songen i «Fly Me (Off The Handel)». Det rumenske bandet Vama Veche gav ut ein song på rumensk på det andre albumet. Den cubanske gruppa Vocal Sampling spelte inn ein acappella-versjon av songen i 2008 på Akapelleando.

Parodiar Av parodiar finn ein: Det kristne parodibandet ApologetiX spelte songen som «Hotel Can't Afford Ya», om Jesu fødsel på albumet Jesus Christ Morningstar. Det brasilianske TV-showet Comédia MTV spelte inn ein versjon kalla «Hotel Diadema» (som refererte til byen Diadema). Gomez et Dubois - «Hotel commissariat» (fransk). Countryparodikaren Cledus T. Judd spelte songen som «Motel Californie» i 1995 på debutalbumet Cledus T. Judd (No Relation).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hotel California» frå , den 16. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff

Classic Tracks: The Eagles 'Hotel California'

Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Eagles-songar Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar om California Kategori:Songar om Los Angeles Kategori:Songar om cannabis Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Japan Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk Kategori:Rockeballadar Kategori:Gipsy Kings-songar Kategori:Nancy Sinatra-songar Kategori:Tangerine Dream-songar 049 Kategori:Wilson Phillips-songar Kategori:Helmut Lotti-songar Kategori:Passenger-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Hank Marvin-songar