«The Last Resort» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey, som fortel om korleis menneske alltid til slutt øydelegg stader han syns er vakre. Songen vart gjeven ut av Eagles på albumet Hotel California den 8. desember 1976. Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Life in the Fast Lane» den 3. mai 1977.

I ein episode med In the Studio with Redbeard sa Frey: «Eg må gje all ære for 'The Last Resort' til Henley. Det var første gongen Don på eiga hand skreiv ei episk soge. Me var alle uroa for miljøet på den tida og spelte ein konsert mot atomvåpen. Det verka som ein perfekt måte å samle opp alle temaa med hadde utforska på Hotel California.»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Last Resort (Eagles song)» frå , den 17. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Eagles-songar Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk