«The Heart of the Matter» er ein song av den amerikanske songaren Don Henley frå det tredje studioalbumet hans, The End of the Innocence (1989). Songen er skriven av Henley, Mike Campbell og J.D. Souther, og produsert av Henley, Campbell og Danny Kortchmar. Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på Mainstream Rock Tracks-lista tidleg i 1990. I 1994 spelte Henley og resten av Eagles, ein akustisk versjon av songen på ein konsert. Songen kom ikkje med på konsertalbumet Hell Freezes Over, men er med på konsert-DVDen.

Songen vart sidan spelt inn av den amerikanske soulsongaren India.Arie i 2006 på det tredje studioalbumet hennar Testimony: Vol. 1, Life & Relationship. Versjonen hennar av songen er nytta i den andre episoden av Brothers & Sisters, kalla «An Act of Will», og i ein trailer for filmversjonen av Sex and the City. Han er òg nytta i ein kort augneblink i ein scene i filmen.

Lister

Don Henley-versjonen Liste (1990)Plassering positionU.S. Billboard Billboard Hot 10021U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks2U.S. Billboard Adult Contemporary3

India.Arie-versjonen Liste (2006)Plassering positionU.S. Billboard Smooth Jazz Songs7Liste (2008)Plassering positionCanadian Hot 10033Sverige46UK Singles Chart79

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Heart of the Matter (song)» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Singlar frå 2006 Kategori:Don Henley-songar Kategori:India Arie-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Songar skrivne av J.D. Souther Kategori:Songar skrivne av Mike Campbell