«Just You 'N' Me» er ein song skriven av James Pankow for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago VI (1973).

Bakgrunn Songen var den andre singelen frå albumet deira og vart ein større suksess enn den første singelen, «Feelin' Stronger Every Day», med ein fjerdeplass på den amerikanske Billboard Hot 100. Walter Parazaider spelar sopransaksofonsolo medan gitaristen Terry Kath brukar ein wah-wah-pedal og faseendrar på gitaren sin. «Just You 'N' Me» vart skriven etter ein krangen mellom Pankow og den framtidige kona hans, Karen: «Me hadde krangla og i staden for å slå neven gjennom veggen eller bli sprø, sette eg meg ned ved pianoet og denne songen kom ut. Me gifta oss kort tid etter og første sida av songen var kunngjeringa av bryllaupet, med bilete av oss på».

Medverkande Peter Cetera - bassgitar, solovokal Robert Lamm - Fender Rhodes elektrisk piano, piano, korvokal Terry Kath - elektrisk gitar, korvokal Danny Seraphine - trommer, kubjølle, tamburin, maracas James Pankow - trombone, korvokal Lee Loughnane - flygelhorn, korvokal Walter Parazaider - tenorsaksofon, sopran saksofon solo, korvokal Joe Lala eller Laudir Soares de Oliveira - congas

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Just You 'n' Me» frå , den 21. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Chicago-songar Kategori:Songar skrivne av James Pankow Kategori:Songar produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-singlar