mini|Vidkun Quisling gifta seg med Maria eit snautt år etter han gifta seg med Alexandra, utan noko offisielt skilsmål frå Voronin. Alexandra Andrejevna Voronin () var ein russar som var den fyrste ektemaken til Vidkun Quisling. Ho gifta seg med Quisling 21. august 1922, dagen etter ho fylte 17 år.
I 1923 drog Quisling tilbake til Kharkov, byen ho budde i, for å vere saman med henne. Under opphaldet i Kharkov gifta han seg med Maria Pasetsjnikova, ho som seinare fekk namnet Maria Quisling. Da Quisling kom tilbake til Noreg med dei to kvinnene vart Voronin omtala som «pleiedotter», og ikkje som kona hans, slik ho tidlegare var omtala. Voronin har sagt at dei vart skilde i 1924, men det finst ingen dokumentasjon på noko offisielt skilsmål. Etter at ho forlét Noreg for godt etter opphaldet hjå Quisling-familien, drog ho til Frankrike, og seinare til USA, der ho levde resten av livet.
Seint i livet skreiv ho ei bok om livet sitt saman med Quisling.
Bibliografi
Merknadar
Kjelder
Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Vidkun Quisling Kategori:Folk frå Sevastopol