Hot Streets er det tiande studioalbumet (det tolvte totalt) av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1978. På mange måtar markerte Hot Streets byrjinga på ein ny æra for bandet. Dei byrja å spele disco, noko som vart håna i ettertid, det var det første albumet deira utan den tidlegare gitaristen Terry Kath, det første albumet utan den faste produsenten James William Guercio og det første albumet sidan det andre albumet som ikkje hadde ein tittel med romartal.
Bakgrunn Etter å ha arbeidd med James William Guercio sidan debutplata i 1969, valde Chicago å avslutte samarbeidet etter Chicago XI i 1977. Ei større endring for gruppa var derimot dødsfallet til gitaristen Terry Kath i januar 1978, som på uheldig vis skaut seg sjølv under ein fest. Dei andre medlemmane var ute av seg etter dødsfallet hans og vurderte å legge ned bandet. Kath var ein av nøkkelpersonane som definerte stilen til bandet, og var ikkje enkel å erstatte. Etter det første sjokket gav seg, valde bandet å fortsette.
Phil Ramone, som hadde miksa somme av dei tidlegare albuma, vart bede om å vere med som medprodusent. Men før Chicago kunne byrje innspelinga måtte dei finne ein ny gitarist. Dei valde den dugande gitaristen Donnie Dacus, som tok med seg sin eigne særeigne stil til gruppa. Før han vart med i Chicago, hadde Dacus arbeidd med både Roger McGuinn og Stephen Stills.
Innspelinga fann stad i både Miami og Los Angeles våren 1978, etter at bandet i fleire år hadde spelt inn musikk i Guercio sin Caribou Ranch i Colorado. Mot slutten av innspelingane, følte bandet at dei framleis hadde noko musikalsk sterkt å by på etter tapet av Kath. Bee Gees spelte inn albumet Spirits Having Flown i studioet ved sidan av i Miami, og dei hadde med seg Bee Gees og klaverspelaren deira Blue Weaver på somme spor. Gibb-brørne song vokal på songen «Little Miss Lovin'», medan Weaver la synth-strykarar på «No Tell Lover» og «Show Me The Way». Blåserekkja til Chicago spelte til gjengjeld på Spirits Having Flown, mellom anna på hitsingelen «Too Much Heaven».
For å markere ein ny start, gav bandet albumet ein tradisjonell tittel i staden for eit nummer. Dei valde tittelen Hot Streets, og på plateomslaget kunne ein for første gongen sjå eit bilete av bandet, staden for berre logoen til gruppa. Då ein marknadsundersøking seinare synte at kjøparane venta å sjå logoen på omslaget, var Chicago-logoen attende for det neste albumet, Chicago 13.
Albumet kom ut i oktober 1978 i samband med den første singelen, «Alive Again». Hot Streets vart ein ny hit for gruppa, som hadde vore uroa om publikum ville godta dei utan Kath. Sjølv om albumet selde til platina, og Chicago fekk ein ny hitt på topp 20 med «No Tell Lover», var Hot Streets det første Chicago-albumet sidan debutplata, som ikkje nådde topp 10 i USA, men stoppa på ein 12. plass.
Etter utgjevinga av Chicago 13 og mot slutten av juleturneen deira i 1979, slutta Dacus i gruppa.
I 2003 vart Hot Streets remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med ein alternativ versjon av Lamm sin «Love Was New» sungen av Dacus, som bonusspor.
Innhald
Bandet Peter Cetera – bass, solo- & korvokal Donnie Dacus – gitarar, solo- & korvokal Laudir de Oliveira – perkusjon Robert Lamm – klaverinstrument, solo- & korvokal Lee Loughnane – trompet, korvokal, blåsararrangement (8) James Pankow – trombone, blåsararrangement (1-7,9,10) Walter Parazaider – treblåseinstrument Danny Seraphine – trommer
Andre medverkande Blue Weaver – synthesizerstrykarar på «No Tell Lover» og «Show Me The Way» David «Hawk» Wolinski – Fender Rhodes på «Show Me The Way» The Bee Gees – korvokal på «Little Miss Lovin'»
Produksjon Produsert av Phil Ramone og Chicago Medprodusent – Carol Peters Lydteknikar: Jim Boyer, Don Gehman og Lee DeCarlo Assiternade lydteknikar – Peter Lewis, Dave Martone og Kevin Ryan Miksa av Jim Boyer og Phil Ramone Mastra av Ted Jensen ved Sterling Sound (New York, NY) Fotografi og design – Norman Seeff Logo – Nick Fasciano
Lister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1978Pop Album12
Singlar - Billboard (Nord-Amerika) ÅrSingleListePlassering1978Alive AgainPop Singles141979No Tell LoverPop Singles141979Gone Long GonePop Singles731979No Tell LoverAdult Contemporary5
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hot Streets» frå , den 28. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Phil Ramone Kategori:Columbia Records-album