Chris Pinnick () er ein amerikansk gitarist og låtskrivar, truleg mest kjend for arbeidet sitt med bandet Chicago i 1980-1986.
Pinnick vart fødd i Van Nuys i California og byrja å spele gitar då han var sju. Ein av dei første jobbane hans var på Herb Alpert-singelen «Rise,» som gjekk til topps på Billboard Hot 100 i oktober 1979.
Etter gitaristen Donnie Dacus slutta i Chicago seint i 1979, vart Pinnick leigd inn som studiomusikar for albumet Chicago XIV. Han fortsette å turnere med bandet og vart verande andregitarist etter at dei henta inn Bill Champlin for Chicago 16. Då Chicago 17 kom ut i 1984, var Pinnick oppført som fulltidsmedlem i bandet, medan Pinnick sjølv hevda han aldri var medlem. Uansett slutta han i gruppa i 1986 og vart etterfølgd av Dawayne Bailey.
Pinnick har òg arbeidd for Peter Cetera, Chuck Negron, Chet McCracken og Rick Devin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chris Pinnick» frå , den 29. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:Chicago-medlemmar Kategori:Folk frå Los Angeles