Chicago 18 er det femtande studioalbumet til det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut 29. september 1986. Det var oppfølgjaren til det store hitalbumet Chicago 17 frå 1984, og var det første utan det opphavlege medlemmet Peter Cetera.

Då Cetera slutta i bandet i 1985 for å starte ein solokarriere, leigde Chicago inn Jason Scheff for å ta over etter Cetera på bass og vokal. Dei mest brukte stemmene i Chicago var no dei nyaste medlemmane, Scheff og Bill Champlin, som kom med i bandet i 1981.

Chicago nytta igjen produsenten David Foster for å skape ein softrockoppfølgjar til Chicago 17.

Bandet spelte inn ein moderne versjon av klassikaren deira «25 or 6 to 4» (48. plass). Så vart «Will You Still Love Me?» (3. plassen) og «If She Would Have Been Faithful...» (17. plassen) hittar. Scheff var solovokalist på alle desse tre singlane. Sjølva albumet inneheld ein kort, acappella blåsarriff, Pankow sin «Free Flight». Chicago 18 selde til gullplate og nådde 35. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald

Ei nyinnspeling versjon av «When Will the World Be Like Lovers?» (Robert Lamm/Tom Keane/David Foster) finst på Robert Lamm sitt soloalbum frå 1995 Life Is Good In My Neighborhood. Den opphavlege versjonen frå Chicago 18-innspelingane finst òg på nett.

Mottaking

Chicago 18 (Full Moon/Warner Bros. 25509) selde til gullplate og nådde 35. plassen i USA, der det låg 45 veker på lista. Det gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Medverkande Bill Champlin – klaverinstrument, vokal Robert Lamm – klaverinstrument, vokal Lee Loughnane – trompet James Pankow – trombone, blåsararrangement Walter Parazaider – treblåseinstrument Jason Scheff – bass, vokal Danny Seraphine – trommer, trommeprogrammering

Vokalarrangement av Chicago, Bill Champlin og David Foster

Andre musikarar Michael Landau – gitar Howard «Buzz» Feiten – gitar Steve Lukather – gitar David Foster – klaverinstrument, arrangement og bidrag til blåsarane Tom Keane – klaverinstrument, korvokal Bo Tomlyn – synthesizerprogrammering Rhett Lawrence – synthesizerprogrammering David Boruff- synthesizerprogrammering Michael Boddicker – synthesizerprogrammering Jeremy Lubbock – strykearrangement på «If She Would Have Been Faithful...», «Will You Still Love Me?» og «I Believe» Jules Chakin – dirigent Gerald Vinci – konstermiester Betty Joyce – skaffa barnekor på «One More Day» John Joyce – barnekordirigent på «One More Day» Rebecca Clinger, Christopher Leach, Julie Leach, Myhanh Tran, Peter Wade, Jason Pasol, Brandon Roberts, Alitzah Wiener, Betty Joyce, Laurie Parazaider, Felicia Parazaider, Melody Wright & Bettina Bush – barnekor på «One More Day»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago 18» frå , den 30. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1986 Kategori:Album produserte av David Foster