Tim Feehan () er ein kanadisk songar-låtskrivar, produsent, studioeigar og miksar.

I 1986 vann Feehan ein låtskrivarkonkurranse sponsa av produsenten David Foster og flytta til Los Angeles. Debutalbumet Tim Feehan kom ut i 1987.

Tidleg i 1990-åra deltok Feehan på fleire prosjekt med David Foster og gav i 1996 ut albumet Pray for Rain. I 2000-åra har han samarbeid med musikarar som Brian McKnight, Boyz II Men, Bone Thugs-n-Harmony og Sergio Vallin frå den meksikanske supergruppa Mana.

Feehan har bidrege med songar i fjernsynsseriar som Desperate Housewives, Brothers and Sisters, My Name Is Earl, Ugly Betty, The Good Wife, Boston Legal, Dexter, Las Vegas, The Hills, Entourage, The City, One Tree Hill, Norbit, Greek, Numb3rs og andre.

Diskografi Album Footloose - 1980 Sneak Preview - 1981 Carmalita - 1983 Tim Feehan (self-titled) - 1987 Full Contact - 1990 Pray for Rain - 1996 Tracks I Forgot About - 2003

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tim Feehan» frå , den 30. oktober 2015. oppgav desse kjeldene: Canadian Bands entry JAM! Canadian Pop Encyclopedia

Bakgrunnsstoff Diskografi på Blue Desert

Kategori:Kanadiske songarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Musikarar frå Edmonton Kategori:Elevar ved University of Alberta