Håkon Martin Breivoll () var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Ibestad. Han representerte Arbeidarpartiet i Troms på Stortinget i tida 1945-53.
Breivoll vart utdanna lærar i Tromsø i 1907 og underviste dei neste åra på skular i Kvæfjord, på Stokmarknes, på Skjervøy og i Sund i Lofoten. Frå 1915 til 1953 skulte han på Breivoll skule i heimbygda i Ibestad. Han dreiv farsgarden på Breivoll frå 1925.
Breivoll var ordførar i Ibestad frå 1923 til 1940 og på ny i 1945. Han var vararepresentant til Stortinget i 1934–36 og 1937–40. Etter representanten Alfons Johansen døydde i 1941, møtte Breivoll i hans stad då førkrigs-Stortinget var samla til storting i 1945. Ved stortingsvalet hausten vart han innvald som Troms fylke sin andrerepresentant, og vart attvald i 1949. Den fyrste perioden var han medlem i finans- og tollkomiteen, i den andre i kyrkje- og undervisningskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Ibestad Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Ibestad