Ole Ludvig Bærøe () var ein norsk gardbrukar, agronom og politikar frå Våle i Vestfold. Han var landbruksminister 1926–28, kyrkje- og undervisningsminister 1927–28 og formann i Høgre 1937–40. Periodane 1928-30 og 1934-43 var han stortingsrepresentant for høvesvis Hedmark og Akershus.
Liv og gjerning Ole Bærøe var fødd i Undrumsdal i Våle, faren var amtsagronom og gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Jarlsberg og Larviks amts landbruksskule på Fossnes i 1897, samt eksamen ved jordbruksavdelinga på Norges landbrukshøgskole i 1899. Åra 1900-04 var han stipendiat ved landbrukshøgskulen.
Bærøe var gardsfullmektig på Skog i Brøttum i 1900, landbrukslærar på Rikheim i Lærdal 1903/04, forvaltar av storgarden Tomb 1904–09, amtsagronom i Hedmark 1909–10, forvaltar av Jarlsberg hovudgard i Sem 1910–17. Frå 1917 til -26 var han styrar av Jønsberg landbruksskole og sidan 1929 driftsleiar ved Norges landbrukshøgskole. Gjennom mange år redigerte han landbrukssidene i Aftenposten.
Bærøe var medlem av Sem heradsstyre 1913–16 og deretter medlem av Romedal heradsstyre 1919–28. Han var statsråd i Landbruksdepartementet i Lykke-regjeringa frå 5. mars 1926 til 27. januar 1928. Tingbolken 1928-30 representerte han Hedmark og Høgre på Stortinget, der han var medlem av landbrukskomitéen. Frå 1934 til -40 var han atter stortingsmann, då innvald frå Akershus fylke, medlem av finans- og tollkomitéen.
Frå 1928 var Bærøe medlem av sentralstyret i Høgre. Då maktkampen i Høgre mellom stortingspresident Carl Joachim Hambro og formann Johan H. Andresen enda med at sistnemnde i 1937 trekte seg frå vervet, vart den «lojale og noe bleke»Borgerlig oppdemmingspolitikk:317 nestformannen gjennom tre år, Ole Bærøe, vald til ny partiformann i Høgre.
I juni 1940 deltok Bærøe i riksrådsforhandlingane med den tyske okkupasjonsmakta. Den 17. juni nekta han å underskrive ei «henstilling til kongen om å abdisere».Borgerlig oppdemmingspolitikk:363 Han var også avvisande til å vere med på å kalle saman «Stortinget i en situasjon der landet var okkupert av en fiendtlig makt».Borgerlig oppdemmingspolitikk:362
Notar
Kjelder Rolf Danielsen: Borgerlig oppdemmingspolitikk. 1984
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lykke Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Leiarar for Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Romedal Kategori:Lokalpolitikarar i Sem Kategori:Folk frå Re Kategori:Norske agronomar