Jim Mullen () er ein skotsk jazzgitarist med ein særeigen stil. Som Wes Montgomery før han brukte han tommelen til å plukke strengane med i staden for eit plekter.Gramophone Review of Rule of Thumb
Biography Jim Mullen var gitarist med Pete Brown & Piblokto! for to album i 1970. Han spelte så med Brian Auger's Oblivion Express, og var med på dei tre første albuma i lag med den framtidige Average White Band-trommisen Robbie McIntosh. Mullen vart så med i bandet Kokomo og turnerte seinare med Average White Band.
Då han turnerte i USA med AWB i midten av 1970-åra møtte han tenorsaksofonisten Dick Morrissey, og i 1980-åra slo dei seg saman til det britiske jazzfunkbandet Morrissey–Mullen. Plateprodusenten Richard Niles, som produserte det sjette albumet til bandet, It's About Time, produserte sidan tre soloalbum for Mullen.
Mullen har spelt med mellom andre Pete Brown & Piblokto!, Mose Allison, Hamish Stuart, Joanna Eden, Tam White, Claire Martin, Mike Carr, Jimmy Witherspoon, Dave O'Higgins og Georgie Fame, Sinan Alimanovic, David Tughan og Frank Holder.
Diskografi
Som leiar og medleiar 1980: Live' at Ronnie Scott's - med Mike Carr og Harold Smith 1993: Good Times and The Blues - med Dick Morrissey og Mike Carr 1993: Soundbites 1997: Big Blues - med Jimmy Witherspoon 2000: Burns 2001: We Go Back 2001: ...but beautiful - Jim Mullen Helmut Nieberle Sextett 2002: jimjam - med Hamish Stuart 2003: Rule of Thumb - med Laurence Cottle 2003: Live in Glasgow - med Gary Husband, Mick Hutton og Gareth Williams 2007: All About the Music - The AllStars 2007: Smokescreen - The Jim Mullen Organ Trio med Stan Sulzmann 2009: Make Believe - The Jim Mullen Organ Trio 2012: String Theory - The Jim Mullen Quartet 2014: Catch My Drift - The Jim Mullen Organ Trio
Som sidemann 1970 Things May Come and Things May Go but the Art School Dance Goes on Forever, Pete Brown & Piblokto! (Harvest SHVL 768)1970 Thousands on a Raft, Pete Brown & Piblokto! (Harvest SHVL 782)1977: Benny and Us – Average White BandAdditional Musikars AWB official website. Retrieved 9 August 2013. 1977:The Atlantic Family Live in Montreaux 2001: Cartoon Capers 2002: The Mose chronicles: live in London, vol. 2 - med Mose Allison, Blue Note 2002: He Never Mentioned Love - Claire Martin 2005: «Builders Brew» - David Tughan (OT Records) 2014: People of Tomorrow'' - Citrus Sun (Dome Records)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jim Mullen» frå , den 13. november 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Mullen på myspace.com
Kategori:Skotske jazzgitaristar Kategori:Folk frå Glasgow