Dancing with Strangers er det niande studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1987. Det vart den første store suksessen til Rea i Storbritannia. Det klatra heilt til andreplassen, bak Michael Jackson sitt Bad, og låg 46 veker inne på lista. Albumet selde til platinaalbumet.1987-09-26 Top 40 Official UK Albums Archive, officialcharts.com, Henta 16. november 2015 Albumet nådde topp 10 i seks andre land, inkludert New Zealand der det nådde toppen av lista.Chris Rea - Dancing With Strangers, swisscharts.com, Retrieved 16. november 2015

«Let's Dance» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, og som albumet vart det ein stor hit i Storbritannia med ein 12. plass på singellista. Singelen nådde andreplassen på New Zealand.Chris Rea - Let's Dance, swisscharts.com, Retrieved 16. november 2015 Andre singlar frå albumet var «Loving You Again» (47. plass i Storbritannia), «Joys of Christmas» (67. plass i Storbritannia) og «Que Sera» (73. plass i Storbritannia).

Innhald

Spor 12, 13, 14 er bonusspor som ikkje finst på den originale vinylutgåva.

Medverkande Chris Rea - vokal, gitar, klaverinstrument, slidegitar, synthesizer, trekkspel, miksing, produsent Robert Ahwai - gitar Jerry Donahue - gitar Davy Spillane - gitar, sekkepipe Eoghan O'Neill - bass Kevin Leach - piano, klaverinstrument Max Middleton - klaverinstrument Martin Ditcham - perkusjon, trommer Dave Mattacks - trommer Adrian Rea – trommer

Produksjon Stuart Ealses - lydteknikar Jean Jacques Lemoine - lydteknikar Justin Shirley-Smith - lydteknikar Jon Kelly - miksing Willie Grimston - koordinering Mark Entwistle - plateomslag

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dancing with Strangers» frå , den 17. november 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Chris Rea-album Kategori:Magnet Records-album