mini|Garnes stasjon, no base for veterantoget på Vossabanen. "Mellemstasjon av 3. Klasse." mini|Espeland haldeplass, no stopp for veterantoget. mini|Haukeland stasjon, no stopp for veterantoget. "Mellemstasjon av 4. Klasse."
Vossabanen er ein norsk jarnbane som no for det meste er ein del av Bergensbanen på strekninga mellom stasjonane Bergen og Voss. Ei nedlagd strekning er teken vare på som veteranjarnbane mellom Takvam og Midtun over Garnes i Bergen kommune, kalla Museet Gamle Vossebanen. Denne delstrekninga er no freda.
Historie Vossabanen stod ferdig i 1883 som smalspora jarnbane mellom Bergen og Voss. Banen vart i 1904 ombygd til normalspor, og i 1909 sluttført over fjellet fram til Oslo som Bergensbanen. Banen fekk si største omlegging etter opninga av Ulrikentunnelen og Arnanipatunnelen i 1964, det utgjorde ei stor nedkorting av strekninga mellom Tunestveit og Bergen ved at den lange sløyfa over Garnes og Nesttun vart overflødig. Den gamle linja mista raskt persontrafikken, berre mellom Bergen og Nesttun blei det drive persontog i ei tid etter omlegginga.Banedata 2004 s. 159: «Strekningen Bergen-Nesttun-Garnes-Tunestveit ble nedlagt for alminnelig trafikk fra 1.8.1964 i forbindelse med åpningen av banen gjennom Ulriken, men lokaltrafikken Bergen-Nesttun fortsatte frem til 31.1.1965 for Bergen og Fana kommuners regning med NSB som utøver. Etter nedleggelsen av ordinær trafikk på gamlelinjen fra Bergen over Nesttun og Garnes til Tunestveit ble strekningene Bergen-Midttun og Tunestveit-Garnes-Seimsmark benyttet som sidespor for vognlaster. Strekningen Minde-Midttun ble nedlagt for all trafikk 1.3.1980, samtidig som strekningen Seimsmark-Midttun ble gjenåpnet for vognlaster. Den elektriske driften ble nedlagt fra 31.1.1965, mens elektrisk drift ble reetablert Bergen-Kronstad på 1990-tallet. NSB Gods innstilte sin godstrafikk på strekningen Tunestveit-Seimsmark fra 03.2001, mens sporet fra Bergen til Minde fortsatt benyttes for godstrafikk. NJK Gamle Vossebanen driver veterantog på strekningen Garnes-Midttun fra 1994.» Sporet er fjerna mellom Minde og Midtun. Frå 1993-94 har det gått eit veterantog om sumaren på den 18 km lange strekninga frå Midtun til Garnes. Sidan 2001 har også godstrafikken på denne sidelinja vore nedlagt.
Kulturminne Bergen kommune uttaler om denne banen sin verdi som kulturminne:
Gamle Vossebanen ... er en fjordbane med unik variasjon i jernbaneanlegg og stasjoner, nøye tilpasset topografien. Jernbanen gikk inn som del i et allerede etablert samferdselsnett, der veier – herunder postveiene og fjordbåttrafikken, var av vesentlig betydning. Ingen andre jernbanestrekninger kan i dag vise til denne kombinasjonen mellom tog- og båttransport. Det er viktig for bevaring av jernbane-historien at utpekte områder rundt banetraseen ikke blir utbygd eller utsatt for andre tiltak som vil forringe opplevelsen av denne viktige kulturminnestrukturen. Sammen med Osbanetrasèen forteller Gamle Vossebanen om samferdelssystemets betydning for industri- og bosetting på steder i Bergens utkantområder.Kommuneplanens arealdel 2006-2017 (2025) s. 29
Syklistar har tidlegare arbeidd for å ta vekk spora og gjera om strekninga mellom Midtun og Haukeland til sykkelsti, som eit alternativ til den trafikkfarlege Hardangervegen. No er strekninga freda og det blir uaktuelt å bruka ho til sykling.
Mektig natur Særleg vidare innover Sørfjorden går den gamle Vossebana gjennom vakre og naturskjønne omgjevnader. Mange stader er linja lagt om i fleire omgangar, ofte på grunn av skredfaren. Eit eksempel på dette er ved Hana innanfor Trengereid. Der kom eit snøras den 18. januar 1918, som tok banevaktarbustaden til nyss avdøde Torkel Johnsen: Lufttrykket var så stort at heile huset vart kasta på sjøen. Alle fem omkom. Huset stod på husmannsplassen Seiasteinen bnr. 3 under garden Hana i Vaksdal, og det var tungt snøver og storm då det hende. Denne delen av jernbanesporet er lagt i tunnel no. Etter kyrkjeboka for Samnanger: 'Omkom ved Sneskavl som bortførte huset med 3 mennesker.' Etter aviser og bygdeboka omkom to til, dette var kona Dortea Hansdtr gift Jonsen og fire av barna: Thoralf, Helga, Oskar og Helge. Ei anna dotter Klara Dortea døydde seinare på året, men det er uklart om dette hadde noko med snøskredet å gjere.Skrednett, sjølve kartet
Linjekart
Kjelder
Bakgrunnsstoff Museet Gamle Vossebanen (veteranjarnbana) Norsk Jernbanemuseum - søk i samlingane (virkar best med IE) Stasjonar på Vossebanen Turveg på Vossabanen mellom Trengereid og Langhelle Video fra stordriftsdagen på Gamle Vossabanen 5/9-1999 Bilde frå stasjonar og langs linja Bilde av materiell Fleire bilde og toghistorie frå Midttun Vossabanen (Kronstad-Bratland) som modelljarnbane Film frå 1969, strekninga Langhelle-Trengereid via Stavenesli og Hana, før Hananipatunellen blei opna i 1970 "Roten bru og rasfarlege tunnelar", VaksdalPosten 04.02.10, henta 13.02.12 "Under Høyden. I dypet under Geofysisk Institutt ligger en av Nygårdshøydens best bevarte hemmeligheter.", Bergens Tidende 23.10.08, henta 06.06.12 "Vil vrake veteran. Øistein Christoffersen vil gjøre Gamle Vossebanen-traseen om til sykkelvei. Det blir det bråk av.", Bergens Tidende 30.08.10, henta 06.06.12 "Hamnesporet i Skuteviken etter 1921"
Kategori:Norske jarnbanar Kategori:Nedlagde jarnbanestrekningar i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar i Vestland Kategori:Bergensbanen Kategori:Arna Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1883