thumb|Arendal Smelteverk, administrasjonsbygget og portvakta, bygd i 1964 thumb|Bilete teke mot nordvest Arendal Smelteverk på Eydehavn i Arendal kommune i Aust-Agder var eit føretak som produserte silisiumkarbid (sika), basert på elektrisk kraft. Føretaket vart starta i 1912 med Sam Eyde som ein av initiativtakarane. I 1930-åra klarte dei å framstille best moglege kvalitet av silisiumkarbid, og var den første i Europa som produserte grøn sika. Den siste omnshusdrifta og produksjonen av råsika vart nedlagd i 2005, men vidareforedlinga held fram basert på importert sika frå Brasil og Venezuela. Føretaket tilhøyrer i dag av det franske konsernet Saint-Gobain Cm.
Råvarer mini|Bilete teke frå Nils Hjelmtveits veg Kvarts vart den første tida skaffa frå lokale gruver, og den viktigaste leverandøren var Gloserhei gruve i Froland kommune. Smelteverket opna òg ei eiga kvartsgruve i Troms, før dei tok i bruk importert kvartssand frå England. Ei anna viktig råvare er petroleumskoks som heile tida er importert frå USA. Den tredje viktige råvara var elektrisk kraft i store mengder. Den første krafta til føretaket var basert på utbygginga av Høgefoss i Nissedal kommune. Kraft vart heile tida levert frå Arendals Fossekompani og Aust-Agder Kraftverk.
Vidareforedling mini|Bilete teke mot vest Føretaket utvikla tidleg videreforedling av produktet. Sika frå Arendal vart brukt i varmeskjoldet på den første amerikanske romferja. Då produksjonen var på det høgaste i 1980-åra var det om lag 300 arbeidsplassar på føretaket, og dei produserte opp til 45 000 tonn kvart år.
Andre verdskrigen Under andre verdskrigen vart anlegget styrt av tyskarane. Dei allierte såg kor viktig produksjonen var for den tyske rustningsindustrien, og avgjorde å sabotera anlegget. Aksjonen fekk namnet Operasjon Company. Generatorane vart sprengt og drifta mellombels stansa.Da det smalt på Eydehavn på Avtrykket 19.11.2014
Forureining Smelteverket var Noregs største svovelkjelde, og bidrog med 10 % med svovelforureining til Noregs sterkast svovelramma område, samt hadde massive utslipp av støv og miljøgifter. Fabrikken dreiv utan reinsing av utslipp i ei årrekkje, heilt opp mot slutten rett før smelteovnene vart stengde og utslippa stansa i 2005. Normalt utslipp av svovel låg på 2 300 tonn i året. Smelteverket slapp i tillegg ut 410 000 tonn CO2-ekvivalentar og 30 000 tonn giftig CO-gass.
Straumforbruket ved smelteverket var på 1 TWh/år (ein milliard kilowattimar), noko som dengong var 1 % av Noregs el-produksjon, tilsvarande 1,5 Alta-kraftverk.
Det vart undersøkt om sjukdomen silikose fanst blant arbeidarane for første gong i 1938. 32 kiselstøveksponerte arbeidarar vart røntgenundersøkt ved Arendal sjukehus, utan at sjukdomen vart påvist. Allmennpraktikar Andreas Samuelsen (1907–1973), som voks opp på Saltrød og seinare budde på Eydehavn, meinte derimot at det måtte finnast silikose hos arbeidarane i føretaket. Han fann det første tilfellet i 1940, seinare fann han fleire. Det vart gjort nye undersøkingar ved sjukehuset i Arendal i 1941 av overlege Ziesler ved røntgenavdelinga og overlege Johan Kloster, og det vart rapportert heile 19 tilfelle til Arbeidstilsynet, fire i stadium I-II, tre i stadium II, to i stadium II-III og ti i stadium III. Alt materiale vart oversendt professor Torleif Dale ved Røntgenavdelinga på rikshospitalet, han fann til saman 50 tilfelle, 18 frå 1938-undersøkinga og 42 frå 1941-undersøkinga. Av desse var 11 langtkomne og tre med mogleg silikotuberkulose.Tidsskrift for Den norske legeforening – Da silikose ble påvist ved Arendal Smelteverk
Arkivet Arkivet etter Arendal Smelteverk er på Aust-Agder museum og arkiv i Arendal. Arkivet omfattar 80 hyllemeter og går over perioden 1912-2000.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arendal Smelteverk» frå , den 23. november 2015.
Litteratur Dannevig, Birger: AS Arendal Smelteverk 1912 – 1962, 1962 Asplan Viak: Kulturminneregistrering Eydehavn, Tvedestrand boktrykkeri, 2005
Referansar
Bakgrunnsstoff Saint-Gobain Noreg Eydehavnsportalen – A/S Arendal Smelteverk – føretakshistorie Arendal Smelteverk hos Bellona Arendal Smelteverk på Arkivportalen
Kategori:1912 i Noreg Kategori:Norske industriselskap Kategori:Smelteverk