mini|Magdalenaelva i blått og dalføret i skyggelagt grønfarge Magdalenadalen (spansk El Valle del Río Magdalena) er eit dalføre i Colombia mellom den sentrale og den austlege fjellkjeda av Andes. Dalføret blir drenert av Magdalenaelva frå sør mot nord.
Skildring Geologi Magdalenadalen vart danna etter ei rekkje tektoniske danna senkingar som blei fylte opp med kontinentale avsettingar i tertiær. Desse sedimenta kom frå den sentrale fjellkjeda av Andes.
Flora Den første registrerte europeiske kontakt med poteten var i 1537 i Magdalenadalen. Dei spanske inntrengarane vart kjente med avlinga, og det var truleg rundt år 1570 at eit spansk skip først introdusert potetar til Europa.
Fauna Magdalenadalen er heimen til ein sommarfuglart, Splendeuptychia ackeryi, engelsk Magdalena Valley ringlet, som først vart skildra i 2009. Det er mange truga fuglar og pattedyr i regionen, inkludert langhårklamreape og dei endemiske fuglane blåknopphokko og kvitryggskjeggfugl. Desse artane er truga av mellom anna habitattap.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Magdalena River Valley» frå , den 1. desember 2015.
Referansar
kategori:Colombiansk geografi