Auberge (fransk for «vertshus») er det ellevte studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1991. Albumet, og tittelsongen, var knytt til bilen Caterham Super Seven, som han eigde, og som han kalla «Blue Seven». Bilen er med på omslaget, illustrert i eit oljemåleri av den kjende motorkunstnaren Alan Fearnley. Fleire av songane på albumet refererer til bilen, det same gjer musikkvideoen av songen.Halfbakery: Painting Product Placement I 2005 selde Rea bilen på ein auksjon. Auberge nådde toppen på albumlista i Storbritannia i 1991. Tittelsporet vart òg ein av dei største hittane hans med ein 16. plass på den britiske singellista. Andre songar som kom ut som singlar frå albumet var «Heaven», «Looking for the Summer» og «Winter Song». Ein annan song, «And You My Love», sjølv om han ikkje vart gjeven ut som singel, vart ein stor favoritt hos fansen til Rea og vart mykje spelt på konsertane hans.
Innhald
«Winter Song» var ikkje med på den originale utgjevinga, men vart gjeven ut som ein eigen singel i november 1991. Han var med på seinare CD-utgåver.
Salstrofé
Medverkande Chris Rea - gitar, slidegitar, klassisk gitar, hammondorgel, munnspel Anthony Drennan - gitar, dobro Robert Ahwai - bass Max Middleton - piano, strykearrangement Tim Sanders - tenorsaksofon Simon Clarke - altsaksofon, barytonsaksofon J. Neil Sidwell - trombone Rick Taylor - trombone Roddy Lorimer - trompet, valthorn Paul Spong - trompet, valthorn Nick Hitchens - tuba Martin Ditcham - perkusjon, trommer Carol Kenyon - korvokal Linda Taylor - korvokal Gavyn Wright - dirigent The Kick Horns - blåsearrangement
Teknisk Jon Kelly - produsent John Mackswith - lydteknikar Justin Shirley-Smith - lydteknikar Russell Shaw - lydteknikar Willie Grimston - produksjonskoordinering Alan Fearnley - måleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Auberge (album)» frå , den 7. desember 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chris Rea-album Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Jon Kelly Kategori:Atco Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia