Britt Hildeng () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var fødd i Oslo.
Hildeng hadde fleire verv på lokalt og sentralt plan for Arbeidarpartiet sidan ho første gong kom inn i Arbeidarane si ungdomsfylking sentralstyre i 1964. Ho var i ein periode medlem av Sosialistisk Venstreparti, før ho igjen melde seg inn i Arbeidarpartiet. Hildeng var doktorand ved NORDPLAN 1983–1987. Ho vart innvald på Stortinget frå Oslo i 1997 og sat i tre periodar fram til 2009. Hildeng er utdanna cand.polit. og medlem av Grønland-Tøyen-Gamlebyen Arbeidarpartilag. Ho var leiar av Oslo Arbeidarparti i perioden 1993-2000.
Stortingskomitear 2005–2009 medlem av Sosialkomitéen. 2001–2005 medlem av Sosialkomitéen. 1997–2001 medlem av Finanskomitéen frå 22. mars 2000. 1997–2001 medlem av Sosialkomitéen til 22. mars 2000. 1997–2001 varamedlem av Valkomitéen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Britt Hildeng» frå , den 18. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap