Klara Amalie Skoglund () var ein norsk industriarbeidar og stortingpolitikar for Arbeidarpartiet.
Skoglund vart fødd i Oslo som dotter av Edvard og Magna Enger. 1905–1909 arbeidde ho som hushjelp, og 1925–40 som arbeider ved Askim Gummivarefabrikk. Ho engasjerte seg i fagforeiningsarbeidet i Askim kjemiske arbeiderforening, først i 1925 som sekretær og seinare som styremedlem og viseformann. I 1930 vart ho med i Norsk kjemisk industriarbeidarforbund sitt hovudstyre. Samstundes sat ho ein periode som formann for Askim Arbeiderpartis kvinneforening 1926–1927.
Som tillitsvalt var ho eit tøff forhandlar, og det vert fortalt at ein av direktørane ved Askim Gummivarefabrikk ved eit høve skal ha sagt i frustrasjon: «Jeg begriper ikke hvordan De er blitt gift, fru Skoglund; De sier jo bare 'nei, nei' hele tiden..»
Etter andre verdskrig vart Skoglund vald inn på Stortinget frå Østfold, samstundes som ho vart med i Arbeidarpartiets landsstyre. Stortingsperioden 1945–1949 sat ho i Universitets- og fagskolekomiteen, deretter sat ho to periodar i Kyrkje- og undervisingskomiteen (1950–1953 og 1954–1957).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Klara Amalie Skoglund» frå , den 19. desember 2015.
Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap