Haldis Tjernsberg () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte Hedmark på Stortinget i fleire periodar.

Tjernberg var den første vararepresentanten til partiet frå Hedmark i periodane 1954–57 og 1958–61. Ho møtte fast for Harald Johan Løbak i hans statsrådstid (mai 1956 – april 1960). Ho vart fast innvalgt på Stortinget frå 1961 og sat fram til 1969. Som vararepresentant sat ho i ei rekkje stortingskomitear, blant anna utanriks- og konstitusjonskomiteen. Som fast representant var ho i sosialkomiteen, landbrukskomiteen og protokollkomiteen.

Tjernberg var varamedlem av Vinger kommunestyre 1946–47. Ho var nestformann i Arbeidarpartiets kvinnesekretariat 1963–65.

Ho leia Vinger sykepleierforening i seksten år.

Kjelder

Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.

Denne artikkelen bygger på «Haldis Tjernsberg» frå , den 19. desember 2015.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Lokalpolitikarar i Vinger Kategori:Ap-politikarar i Hedmark Kategori:Folk frå Sande i Vestfold