Anne-Lise Bakken () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant i tre periodar og statsråd i to år.
I perioden 1977 til 1989 representerte Bakken Hedmark på Stortinget, med unntak av ein periode frå 1986 til 1988 då ho var statsråd i Gro Harlem Brundtland si andre regjering. Ho måtte gå som statsråd etter å ha freista å skulda på embetsverket fordi ho hadde gjeve Stortinget ufullstendig informasjon i ei sak. Generelt vert dette rekna for ei politisk synd, sjølv om det skulle vera sant, sidan statsråden er ansvarleg ovafor Stortinget.
I perioden 1977-1981 var Bakken òg nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking. Ho var den fyrste leiaren av Det kriminalitetsforebyggende råd 1981-1986 og styreleiar i Forbrukerrådet.70 års omtale i Aftenposten 30. mars 2022
Etter tre periodar på Stortinget flytta ho i 1989 til Hamar og starta eit eige konsulentselskap.
Bakken var medlem av formannskapet og kommunestyret i Hamar frå 2003 til 2011. Ho var ordførarkandidaten til Hamar arbeidarparti ved kommune- og fylkestingvalet i 2007.
Regjering 9. mai 1986 –13. juni 1988: Statsråd Forbrukar- og administrasjonsdepartementet
Stortingskomitéar 1977–1981: Medlem i Justiskomitéen 1985–1989: Medlem i Finanskomitéen 1985–1989: Leiar i Kontrollkomitéen 1985–1989: Nestleiar i Forbrukar- og administrasjonskomitéen 1985–1989: Varamedlem i Valkomitéen 1981–1985: Medlem i Sosialkomitéen 1981–1985: Medlem i Kontrollkomitéen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne-Lise Bakken» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske familie- og forbrukarministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland II Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Ap-politikarar i Hedmark Kategori:Lokalpolitikarar i Hamar Kategori:Folk frå Hamar