Jorunn Hageler () var ein norsk lærar og politikar for SV.
Hageler var frå Sortland i Nordland. Ho gjekk folkeskole og realskole i Glomfjord, og tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1965. Etter eksamen ved Hamar lærarskule tok ho vidareutdanning i blant anna norsk, religionshistorie, pedagogikk, kristendomskunnskap, norsk fagmetodikk og informasjonsrådgjevning. Hageler var adjunkt i ungdomsskulen i Vadsø 1971–1976, deretter i Steinkjer fram til ho vart pensjonist. Ho har òg vore sosiallærar. På byrjinga av 2000-talet var ho knytt til OSSE si verksemd i Bosnia.
Hageler var medlem av Steinkjer kommunestyre 1980–1987, medlem av formannskapet 1986–1987, leiar i Steinkjer SV 1988–1991 og dessutan leiar i Nord-Trøndelag SV 1991–1993. I perioden 1993–1997 var ho innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag, og sat i Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jorunn Hageler» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Meløy Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV