Sadako Sasaki () var ei japansk skulejente som var to år gamal då atombomba fall over Hiroshima 6. august 1945 i nærleiken av heimen hennar ved Misasabrua i Hiroshima. Sadako er hugsa gjennom historia om dei tusen origami-tranene, som blei eit symbol på uskuldige offer for krig. Ei gamal japansk legende fortel at den som faldar tusen origami-traner, ei for kvart år av det tusen år lange livet til trana, vil få oppfylt eit ønske av ei trane. Sadako rakk å falde 644 traner før ho døydde 12 år gamal, men klassekameratane hennar fullførte prosjektet. I 1958 blei ein statue av Sadako med ei papirtrane avduka i fredsparken i Hiroshima, der tusener av japanarar kvart år legg ned papirtraner. Sadako har både blitt eit av dei mest kjende symbola på offer for atombomba og eit førebilete for særs mange japanske jenter. Historia blei fortalt i boka Sadako og de tusen papirtranene.

Merknadar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sadako Sasaki» frå , den 5. januar 2016.

Bakgrunnsstoff Litteratur Eleanor Coerr (1977): Sadako and the Thousand Paper Cranes. New York: G. P. Putnam's Sons.

Kategori:Japanarar