The Return of the Fabulous Hofner Bluenotes er det 22. studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 2008. Det består av tre plater og to 10-tommars vinylplater i ei bok på 80 sider. Det er det andre albumet i prosjektet hans, Hofner Blue Notes.

Boka er knytt til historia om 'The Delmonts', eit oppdikta band frå tidleg på 1960-talet, som utvikla seg til The Hofner Bluenotes. Ho fortel òg ei kort historie om gitaren Hofner, og kor viktig gitaren har vore for musikkutviklinga i Storbritannia. Boka er rikt illustrert med bilete frå perioden og falske plakatar og avisutklipp om bandet, i lag med nokre av måleria til Rea og bilete av Hofner-gitarar. Musikken vart spelt inn av Rea (gitar), Colin Hodgkinson (bass) og Martin Ditcham (trommer), som er med i boka, i lag med Niel Drinkwater og Robert Ahwai.

Etter albumet kom ut la Rea ut på ein turné i Europa. Han og bandet spelte saman som ein kvintett. Konsertane var delte inn i tre: først spelte dei berre songar frå Delmonts (CD1), så somme bluessongar frå Fabulous Hofner Blue Notes (CD2), og i den tredje delen dei største hittane til Rea, som «The Road to Hell», «Josephine» og «On the Beach».

Innhald

CD 1 The Delmonts (Dei same 16 spora er på dei to vinylplatene.)

CD 2 The Hofner Bluenotes

CD 3 The Hofner Bluenotes

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Return of the Fabulous Hofner Bluenotes» frå , den 7. januar 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Chris Rea-album Kategori:Konseptalbum