Simone Hye-Soon Denkinger, gift Hauswald, () er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Rottweil i Baden-Württemberg. Ho vann VM-gull i mixstafetten i 2010 og VM-sølv i sprintøvinga året før. Elles sikra ho seg fem bronsemedaljar i stafettar, mixstafett og fellesstart i tida 2003-10; tre i ymse verdsmeisterskap og to i Vinter-OL 2010.

Aktiv Denkinger vart nummer fire på 15 km då VM i skiskyting 2003 fann stad i Khanty-Mansijsk og gjekk fyrstetappen på det tyske laget som kom på bronseplass i 4 x 6 km stafett. Året etter fekk ho ein ny stafettbronse med Tyskland, og enda på fjerdeplassen i fellesstarten i VM 2004 i Oberhof.

Etter nokre magre sesongar kom nygifte Hauswald sterkt tilbake, og tok steget heilt opp i verdstoppen i 2009 og 2010. Frå desember 2008 til mars 2010 vann ho sju individuelle renn i verdscupen, og enda på andreplass i verdscupen i skiskyting i 2010. Ho vart nummer to etter landskvinna Kati Wilhelm på 7,5 km under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang og deltok på det tyske mannskapet som tok bronsemedaljen i mixstafetten. Under dei olympiske leikane i Vancouver i 2010 vann ho nye bronsemedaljar i kvinnestafetten og i fellesstarten. Høgdepunktet for Hauswald kom då Tysklands utvalde kvinner og menn 28. mars 2010 vart verdsmeistrar i mixstafett i Khanty-Mansijsk. Saman med Magdalena Neuner, Simon Schempp og Arnd Peiffer syrgde ho for ein suveren siger til det tyske mannskapet. Det vart hennar siste tevling, ho la deretter opp som skiskyttar.

Verdscupsigrar DatoStadLandØving 12. desember 2008 Hochfilzen Sprint 11. mars 2009 Vancouver-Whistler 15 km 29. mars 2009 Khanty-Mansijsk Fellesstart 8. januar 2010 Oberhof Sprint18. mars 2010 Oslo Sprint20. mars 2010 Oslo Jaktstart21. mars 2010 Oslo Fellesstart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Simone Hauswald» frå , den 12. januar 2016.

Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2010