Michael Rösch () er ein tysk skiskyttar fødd i Zinnwald i Sachsen i DDR. Han vart olympisk meister på stafett frå OL i Torino i 2006.

Michael Rösch er son av tidlegare verdsmeister i skiskyting Eberhard Rösch, og begynte med skiskyting som 9-åring. Han er fire gonger juniorverdsmeister, tre gonger med det tyske stafettlaget og på sprinten i 2002/03. I verdscupavslutninga i Fort Kent i 2004 fekk han 6. plass på sprinten, men klarde ikkje eit like godt resultat i den påfylgjande sesongen. 16. desember 2005 fekk han sølv på sprinten i verdscuprennet i Brezno-Osrblie etter han dagen før hadde fått sin første verdscupmedalje med bronse på 20 km. 15. januar 2006 vann han sin første siger i eit verdscuprenn med eit spurtoppgjer mot Raphaël Poirée på jaktstarten i Ruhpolding. Dagen før hadde han fått sølvmedalje på sprinten.

I OL i Torino i 2006 deltok han i sitt første OL, og var med å ta gull med det tyske stafettlaget.

Kortfatta merittliste Verdscupen samanlagt: Beste plassering: 49. plass (2004/05) Olympiske leikar: 1 gull (Beste individuelle plassering: 10. plass (fellesstart, Torino 2006). Verdscuprenn: 1 gull, 2 sølv, 2 bronse

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Belgiske skiskyttarar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Belgiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2007 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2008 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2009 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2015 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2016 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2017