Flekkbrystjuvel (Lampornis sybillae) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk for området Sentral-Amerika med utbreiing i både Honduras og Nicaragua.
Skildring
Flekkbrystjuvelar er 11 til 12 centimeter i kroppslengd, har rettpeikande svart nebb og gjennomgåande grøn overside med lysare underside, mørke venger og hale, som typisk i Lampornis-slekta. Ein finn dessutan den karakteristiske kvite stripa frå auga ned mot akslene i kontrast til eit mørkt felt på undersida av stripa, som dei andre i slekta. Det som er særmerkt for flekkbrystjuvelar er for hannfuglar glitrande grøn strupe, elles grøn underside, for hofuglar utvaska raudbrunt i strupeområdet og grøne fjører i undersida.Chai et al, 2016
Flekkstrupejuvelar lever i høgder mellom 1400 og 2200 moh. i fuktig skog i relativt avgrensa habitat; i Honduras og litt inn i nordvestlege Nicaragua.
Populasjonen er ikkje estimert, arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet. Han er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2016)
Kjelder Chai, P., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2016) Green-breasted Mountain-gem (Lampornis sybillae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. januar 2016 BirdLife International (2016) Species factsheet: Lampornis sybillae. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. august 2023 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar endemiske for Mellom-Amerika Kategori:Kolibriar i Mellom-Amerika