«Icebreaker» (Isbrytar) er ein singel av Agnete, gjeven ut 2. februar 2016. Songen er skriven av Agnete Johnsen, Gabriel Alares og Ian Curnow.

Melodi Grand Prix Melodi Grand Prix 2016 «Icebreaker» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016. På pressekonferansen vart det òg kjend at Agnete Johnsen, under namnet Agnete, skulle framføre songen, på engelsk. Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no. 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd. Bidaget gjekk vidare til gullfinalen, der det vann med 166 728 røyster. «Icebreaker» vert dimed det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2016.

Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2016

Sigeren i Melodi Grand Prix 2016 sikra «Icebreaker» retten til å representere Noreg i Eurovision Song Contest 2016. Bidraget vil delteke i den andre semifinalen med startnummer 15. Opphavleg hadde bidraget startnummer 16, men vart flytta fram av di Romania vart diskvalifisert frå tevlinga.

Fotnotar

Kategori:Singlar frå 2016 Kategori:Agnete Johnsen-songar Kategori:Songar skrivne av Agnete Johnsen Kategori:Songar skrivne av Gabriel Alares Kategori:Songar skrivne av Ian Curnow Kategori:Melodi Grand Prix 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 2016-songar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar