Jevgenij Aleksandrovitsj Garanitsjev () er ein russisk skiskyttar frå Novoilinskij i Perm kraj.

Garanitsjev vann bronsemedaljen på 20 km under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Eit svakt renn i 7,5 km sprint førte til at han ikkje fekk plass på det russiske stafettlaget som vann OL-gull.

Gararanitsjev vann 7,5 km sprint i Holmenkollen i 2012, 0,7 sekundar framom tyske Arnd Peiffer. Det er Garanitsjevs einaste individuelle triumf i verdscupen i skiskyting, elles har han seks andreplassar og sju andreplassar. Derimot har han vore med å vinne fire verdscup-stafettar for Russland.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Alexandrowitsch Garanitschew» frå , den 11. februar 2016.

Kategori:Russiske skiskyttarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2014