Kateřina Holubcová-Jakešová (), fødd Losmanová, er ein tsjekkisk tidlegare skiskyttar frå Ústí nad Labem som vart verdsmeister på 15 km i 2003 og tok bronsen på sprinten i same meisterskapen. Ho var i nokre år gift med skiskyttaren Tomáš Holubec.

Aktiv Kateřina Losmanová vart junior-verdsmeister i sprint i 1995. Ho deltok så i alle dei store meisterskapane i perioden 1996-2006, men utmerka seg einast under VM i skiskyting 2003 i Khanty-Mansijsk. Under den meisterskapen hevda ho seg derimot i alle dei fire individuelle øvingane. Det tok til med bronsemedalje i 7,5 km sprint og heldt fram med åttandeplass i jaktstarten. Deretter overraska ho stort ved å vinne 15 km normalprogram etter prikkfri skyting, åtte sekundar framom Olena Zubrilova. På den avsluttande fellesstarten skaut ho seg ut av medaljestriden med ein bom på siste liggjande skyting og vart nummer fem.

Holubcová fekk på nyåret 2003 sin fyrste av fem pallplassar i verdscupen i skiskyting. I tyske Oberhof vart ho nummer tre på sprinten, same plassen fekk ho i jaktstart i Östersund. Med dei to medaljane i VM 2003 og ein andreplass i italienske Antholz i januar 2004, kom Holubcová opp i til saman fem verdscup-pallplassar (1-1-3) i karrieren. Ho vart nummer 8 i verdscupen i skiskyting 2003.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kateřina Holubcová» frå , den 3. mars 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tsjekkiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005