Frode Løberg () er ein norsk tidlegare skiskyttar som vann VM-sølv i lagtevlinga i både 1991 og 1992. Han var medlem av Elverum Idrettslag.

Løberg vart norsk meister både på 20 km og 10 km under NM 1989 i Sørskogbygda. Året etter forsvarte han NM-tittelen i 20 km normalprogram på Voss.

Saman med Sverre Istad, Jon Åge Tyldum og Ivar Ulekleiv tok han sølvmedalje i lagtevlinga under VM i skiskyting 1991 i Lahti. Året etter fekk han eit nytt lagsølv då øvinga vart arrangert i Novosibirsk i Russland, saman med Tyldum, Gisle Fenne og Sylfest Glimsdal. Tidlegare i 1992-sesongen vart han nummer åtte og beste nordmann på 20 km under dei olympiske leikane i Albertville. Og 7. mars 1992, kort før avreisa til Novosibirsk, vann Løberg sin einaste verdscupsiger då han gjekk til topps på 10 km i Oslo.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Elverum