«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda. Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.

«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media. Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009, rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010,. Rolling Stone. 9 December 2004. Retrieved 26 January 2014. og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.

Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977. Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena.Interview with Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977 Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.For the first time ever...Queen: Ten great hits from the sensational rock band Mail Online Retrieved 21 January 2011

Historie Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» vart skrivne som svar på ei hending under den britiske turneen deira i 1977. Bandet hadde spelt ein konsert i Bingley Hall i Birmingham og i følgje Brian May:Interview with Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977«...gjorde me eit ekstranummer og gjekk så av, og i staden for å berre klappe, song dei «You'll Never Walk Alone» til oss, og me vart berre heilt slått ut - det var ganske kjenslemessig, og eg trur at desse allsong-tingene er knytte til det.»

Ein versjon vart nytta som opningssporet på albumet News of the World i 1977. Denne versjonen består av ein tramp-tramp-klapp-pause-rytme, og eit mektig refreng som har blitt ein anthem. Bandet trampa og klappa sjølv i studio, om att og om att med delay-effekt, slik at det høyrtes ut som det var mange folk som deltok. Lengda på forseinkingane var primtalsforhold, ein teknikk som i dag vert kalla ikkje-harmonisk gjenklang. Ei lydbandsløyfe vart nytta til å gjenta den siste frasen av gitarsoloen tre gonger, staden for at May spelte det tre gonger på innspelinga.

Då songen vart framført på konsertane, følgde som regel «We Are the Champions» etter, sidan dei var meint å gå i lag. Songane vert òg ofte spelt i lag på radio og på idrettsarrangement, der dei ofte vert spelte. Dei var dei to siste songane Queen spelte på Live Aid i 1985.

Queen spelte òg inn ein alternative versjon av «We Will Rock You» kjend som «fast version», med eit raskare tempo og der heile bandet spelar. Bandet brukte ofte denne versjonen på konsertane sine seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, som ein kan høyre på Live Killers (1979), Queen on Fire - Live at the Bowl (2004), Queen Rock Montreal (2007), og den utvida utgåva av News of the World (2011). Det finst ein studioversjon av denne utgåva, spelt på radioprogrammet til John Peel på BBC Radio 1 i 1977.

Etter songen kom ut er han ofte å høyre på idrettsarrangement som ein «stadionanthem», mest på grunn av den enkle rytmen. Han var den mest spelte songen i 2008 og 2009 under National Football League, National Hockey League og Major League Baseball i USA.

Medverkande Freddie Mercury – solo- og korvokal, klapping, tramping Brian May – elektrisk gitar, korvokal, klapping, tramping Roger Taylor – korvokal, klapping, tramping John Deacon – korvokal, klapping, tramping

Five + Queen

I 2000 gav det engelske gutebandet Five ut ein versjon av «We Will Rock You». Han vart gjeven ut på det andre studioalbumet deira, Invincible (1999). Han kom ut 17. juli 2000 og vart spelt inn med to Queen-medlemmar: Brian May på gitar og Roger Taylor på trommer, men dei syng ikkje på songen.

Songen gjekk til toppen av UK Singles Chart, den andre singelen til Five som gjorde dette.

Innhald UK CD1 «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08 «Keep on Movin'» (The Five-A-Side Mix) – 3:32 «We Will Rock You» (Video) – 3:08

UK CD2 «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08 «Invincible Megamix» (Including «We Will Rock You") – 4:19 «Invincible Megamix» (Video) – 4:19

UK Cassette single «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08 «Keep on Movin'» (The Five-A-Side Mix) – 3:32 «Invincible Megamix» (Including «We Will Rock You") – 4:19

European CD single «We Will Rock You» (Radio Edit) – 3:08 «Invincible Megamix» (Without «We Will Rock You") – 3:43 «We Will Rock You» (Video) – 3:08

Lister +Queen-versjonenÅrListe Plassering1977Frankrike (IFOP)11992Belgia (VRT Top 30 Flandern)26US Billboard Hot 1005220032006US Billboard Hot Digital Songs362008Canada (Hot Canadian Digital Singles)5620112012Japan Hot 100 Singles95 +Five + Queen-versjonenListe (2000)PlasseringBelgia (VRT Top 30 Flandern)17 +KCPK-remiksListe (2003)PlasseringEurope (Eurochart Hot 100)10

Salstrofé

Andre versjonar 1990-åra 1992: Det amerikanske glammetalbandet Warrant spelte songen for filmen Gladiator. 1992: Det brasilianske bandet Viper spelte ein kjapp versjon av songen på det tredje albumet deira Evolution,. Youmix.co.uk. Henta 9. juni 2016. og seinare i 1993 på konsertalbumet Maniacs in Japan. 1996: Linda Ronstadt spelte ein roleg versjon av songen for albumet Dedicated to the One I Love. 2000-åra 2000: DJ Hurricane og vokalisten Scott Weiland samarbeidde på songen for albumet Don't Sleep. 2000: Skodespelaren Kimberly Williams framfører ein alternativ versjon av songen i miniserien The 10th Kingdom. 2001: Den tyske songaren Max Raabe selte songen med Palast Orchester i 1920/30-talsstil. 2003: John Farnham spelte ein versjon av songen for hans Greatest Hits med samplingar av den originale versjonen. 2003: Ein remix av KCPK, sungen av eit barnekor, vart nytta i ein animert reklame for Evian. Miksen vart seinare gjeven ut på singel.. Queencollector.com. Henta 29. juni 2016. 2004: Britney Spears, Beyoncé og Pink nytta songen i ein internasjonal reklame for Pepsi og songen vart gjeven ut på Pepsi Music 2004: Britney Exclusive.. Yahoo!7. Henta 22. januar 2011. 2005: Det kanadiske rockebandet Nickelback gav ut songen som eit bonusspor for albumet All the Right Reasons. Han var òg B-sida til singelen «Photograph». 2012: Den tyske klassiske fiolinisten David Garrett spelte songen i 2012 på albumet Music. 2013: I den amerikanske musikalserien Glee vart songen spelt i epsioden kalla «Lights Out.

Konsertversjonar Guns N' Roses-songaren Axl Rose framførte songen med Queen på Freddie Mercury Tribute Concert. U2 nytta songen som opningssong før dei gjekk på scenen under Zoo TV Tour i 1992. Nirvana framførte songen i São Paulo i Brasil i 1992, der dei endra teksten til «we will fuck you». Andre som har framført songen på konsertar er Alanis Morissette, Erreway, Anastacia, Robbie Williams, Korni, Kumi Koda, Sonata Arctica, Korn, Celine Dion, Stone Temple Pilots, New Kids on the Block, Joe Perry, My Chemical Romance, Christina Aguilera, Cee Lo Green, Adam Levine og Blake Shelton, Sum 41, Jessie J , Dappy og Fifth Harmony.

Sampling Songen er blitt sampla av mange rappar og hiphopartistar gjennom åra. Første gongen var i 1992 då Ice Cube sampla trampinga og klappinga på songen «When Will They Shoot?» på albumet The Predator. Eminem sampla songen to gonger, først på songen «'Till I Collapse» på The Eminem Show i 2002 og så igjen på songen «Puke» frå Encore. I 2010 nytta han i tillegg den same tramp-klapp-rytmen på songen «Cinderella Man» frå Recovery.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «We Will Rock You» frå , den 19. mars 2016.

Bakgrunnsstoff Tekst ved den offisielle nettstaden til Queen

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Queen-songar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Singlar frå 2000 Kategori:Five-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Frankrike Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia 338 Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:John Farnhamn-songar Kategori:Britney Spears-songar Kategori:Beyoncé-songar Kategori:Pink-Songar Kategori:Nickleback-songar