Paul Oskar Lindberget () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Hof i Hedmark. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1950 til 1961.
Lindberget var skogsarbeidar og småbrukar i heimbygda frå 1910 til -30. I 1930 reiste han til Sovjetsamveldet og studerte jord- og skogbruk i eitt år. Frå 1931 var han gardbrukar i Våler i Hedmark.
I 1926 var Lindberget med å skipe Solør-Odal Landarbeiderforbund, året etter Norsk Skog- og Landarbeiderforbund. Perioden 1937-41 var han medlem i Våler heradsstyre, og samstundes formann i jordstyret. Han var formann i Hedmark bonde- og småbrukarlag i 26 år, 1940-66, og i Hedmark landbruksselskap frå 1946 til -56. Varaordførar i Våler 1945-47.
Åra 1949-53 var Lindberget med i Arbeidarpartiet sitt landsstyre. Ved stortingsvalet hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for Hedmark og Arbeidarpartiet. Med to attval vart han sitjande på Tinget til hausten 1961, heile tida var han medlem i justiskomiteen.
Lindberget var ein «særs eldhuga og uredd talsmann for småbrukarane og skogsarbeidarane.Norsk Allkunnebok VIII:141
Kjelder og notar Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Lokalpolitikarar i Våler i Innlandet Kategori:Ap-politikarar i Hedmark Kategori:Folk frå Våler i Innlandet