Ursula Kroeber Le Guin () var ein amerikansk forfattar og kritikar som tok opp spørsmål knytta til kjønn og rase i verka sine.Maya Jaggi: «The magician» i The Guardian 17. desember 2005 Ho fekk stor merksemd for romanen The Left Hand of Darkness (1969), der ho introduserte science fiction-universet Ekumen. Romanen, som skulle få fleire oppfølgjarar med handling frå same univers, etablerte Le Guin for alvor blant dei fremste science fiction-forfattarane.Charlotte Spivack: Ursula K. Le Guin (Twayne Publishers, Boston, Massachusetts, USA 1984) ISBN 0-8057-7393-2, s. 57 For The Left Hand of Darkness fekk Le Guin både Hugo-prisen og Nebula-prisen.Worlds Without End om The Left Hand of Darkness Boka er gjeven ut på norsk under tittelen Mørkets venstre hånd (sjå nedanfor).
Le Guin er også kjent for bøker for unge i fantasiverda Jordsjø,Kari Sønsthagen og Torben Weinreich: Leksikon for børnelitteratur (Branner og Korch 2003) ISBN 87-411-5970-5 som har vore i konstant nye opplag sidan utgjevinga.
I tillegg til The Left Hand of Darkness, har romanen The Dispossessed (1975) gjeve Le Guin både Hugo og Nebula.Worlds Without End om The Dispossessed Sidan har ho fått Nebula for romanane Tehanu: The Last Book of Earthsea (1990)Worlds Without End om Tehanu: The Last Book of Earthsea og Powers (2007)Worlds Without End om Powers
Le Guin døydde 22. januar 2018 heime i Portland i Oregon etter fleire månader med dårleg helse.
Omsetjingar til norsk Skog vil si samfunn (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205116563 Fortellinger fra Orsini (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205120005 Mørkets venstre hånd (Gyldendal Norsk Forlag, 1980) ISBN 8205124272 novella «Det nye Atlantis» i antologien Nye Atlantis (Bok og Magasinforlaget, 1982) ISBN 8290387024 Jordsjø-serien Trollmannen fra Jordsjø (Gyldendal Norsk Forlag, 1978) ISBN 8205112673 Atuans gravkamre (Gyldendal Norsk Forlag, 1979) ISBN 8205118698 Den fjerneste kyst (Gyldendal Norsk Forlag, 1980) ISBN 8205123225 Tehanu (Gyldendal Norsk Forlag, 1993) ISBN 8205217327
Kjelder
Bakgrunnnstoff
Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar