Knut Monsson Nordanger () var ein norsk lærar, politikar og embetsmann frå Hordabø i Hordaland. Han var stortingsrepresentant frå Akershus fylke og Arbeidarpartiet frå 1925 til 1936, og fylkesmann i Hedmark 1936-53.
Liv og gjerning Nordanger tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1903, og underviste så i Ryfylke, på Høland og på Lillestrøm. Han var i Lillestrøm skulestyrar frå 1919 til -35. I Lillestrøm var han aktiv i lokalpolitikken og var ordførar i to periodar, 1917-19 og 1923-31.
Ved stortingsvalet 1924 fekk Nordanger plass på Stortinget, vald frå Akershus og Arbeidarpartiet. I dei to fyrste tingbolkane, 1925- og 1928-30 var han med i Justiskomiteen, nestformann i den andre bolken. Bolken 1931-33 var han medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, samt nestformann i Lovkomiteen. I den siste treårsbolken, 1934-36, var han formann i Kommunalkomiteen.
Nordanger opparbeidde seg stor kunnskap i kommunale spørsmål og var med i ei mengd nemnder og utval. Han gav i 1931 ut bøka De arbeiderstyrte kommuner og skreiv saman med Arnljot Engh Kommunalkommunskap, som kom ut 1936-40.
Nordanger vart i 1935 utnemnd til fylkesmann i Hedmark, eit embete han vart fjerna frå av nazi-styresmaktene i 1942. Han fekk tilbake posisjonen i 1945 og var fylkesmann til 1953.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Fylkesmenn i Hedmark Kategori:Folk frå Bergen