Ole Martin Lappen () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Søndre Land. Han representerte Arbeiderdemokratene på Stortinget 1910-19 og 1922-24.
Liv og gjerning Lappen var son til ein gardbrukar i Hov sokn i Søndre Land. I yngre år arbeidde som snikkar og tømrar, til han i 1895 tok over farsgarden og dreiv denne.
Han fekk plass i heradsstyret i 1896 og var ordførar i Søndre Land frå 1907 til 1922. I om lag 10 år var han styremedlem i Venstre si amtsforeining, før han i 1906 vart krinsformann for Arbeiderdemokratene. Han hadde mange verv, var mellom anna ordførar i representantskapen i den lokale sparebanken og styremedlem i Valdresbanen.
Lappen representerte krinsen Hadeland og Land på Stortinget frå 1910 til -18. Han var medlem i Sosialkomiteen, nestformann 1913-18. Ved stortingsvalett hausten 1918 nådde han ikkje opp, men kom innatt på Stortinget 1922-24, då med plass i Landbrukskomiteen. I alle tingsesjonane var han vald for Arbeiderdemokratane.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Søndre Land